onsdag, oktober 28, 2009

Naar Vi Døde Vaagner

...eller deromkring. Eg har nemlig innsett at målkvinna i meg aldri heilt har tatt kvelden, sjølv om ho stundom slumrer ganske så godt.

Det endelege provet fekk eg i dag. Eg las korrektur på ein artikkel, og freista finne ut kva den korrekte omsetjinga av ordet "menighetsråd" var på nynorsk. Skallen min ville nemleg ha det til at det anten måtte vere "kyrkjelydsråd" (all den tid kyrkjelyd er ordet for "menighet") eller "sokneråd" (all den tid "menighet" er dei som bur i eit kyrkjesokn). Eg veit eg har sett begge orda på prent, men all den tid dei ikkje båe kan vere sanne, fann eg ut at kyrkja.no måtte kunne gje meg svaret.

Vel inne var det berre å angi "nynorsk" som språk, og så klikke på "om kyrkja". Trudde eg. Men akk sann, den gong ei. For halve menyen til venstre i skjermbiletet stod på bokmål (!), og det same gjorde ein kvar artikkel eg kunne oppdrive om den kyrkjelege struktur.

Etter usedvanleg mykje "fram-att-att-og-att-att-att" fann eg ut at den korrekte nemninga var "sokneråd". Men før eg kom så langt, hadde eg klart å irritere meg så ettertrykkelig og grundig over målformen, eller mangelen på sådan, at eg for første gong på ei æve mekka klagebrev.

Rett nok er eg heilag (!) overtydd om at den som kjem på jobb i morgon og opner epostboksen til kyrkjerådet kjem til å tenkje at "huff, desse nynorskfolka, ass, dei gjer ikkje anna enn å klage", og eg har sjølvsagt aldri lyst til å vere ein av desse surmulande nynorskfolka som berre klager (sjølv om dei som klager somregel har ein god grunn til å klage!), men av og til er begeret så fullt at det renn over. Sjølv for ein sindig sørlending.

Og for den som måtte lure: eg klarer ikkje vere gjennomført sint, sjølv når eg meiner eg har god grunn til å vere det.

Hei!

Eg surfer ein del rundt på kyrkja.no, og lurer veldig på korleis de kan finne på å la meg få høve til å foreta språkvalet "nynorsk" når all informasjon som då kjem opp, er på bokmål? Ikkje eingong heile menyvalet er omsett til nynorsk - klikker ein på "om Den norske Kyrkja" finn ein t.d. ein meny til venstre som informerer om "Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet" rett under "internasjonale kirkelige kontakter" og "andre kirker i Norge".

Eg har sjølvsagt stor forståing for at ein ikkje kan sitte med dobbelt sett av nyhendeartiklar, og desse skal ein heller ikkje trenge å ha på meir enn ei målform. (Og "kred" til dykk for at meir enn 25% av sakene på framsida i augneblinken er på nynorsk!). Men når all tekst på "fastlåste sider" (eller kva ein nå skal kalle sider ein ikkje treng oppdatere - slik som "om den norske kyrkja") og store delar av menyen uansett er på bokmål, framstår knappen "nynorsk" som fint lite anna enn eit alibi. Når de gjev oss høvet til å velgje nynorsk målform på heimesidene dykkar, gjer oss som vel å nytte sidene på nynorsk visse forventninger om at sidene også er på nynorsk. Om ein ikkje har tenkt å syte for at så er tilfelle, kan ein nesten like gjerne ta bort den valfridomen. Eller - aller helst - kan ein gjere dei justeringane som trengst. Å sikre at (under-)menyane faktisk er på nynorsk, er ein god stad å byrje. Å på sikt omsette noko av den faste teksten er ein god stad å fortsette.

Alt godt og med von om positive endringar,

Signhild Stave Samuelsen,
Listelending og framleis lukkeleg Statskyrkjemedlem

---
Maalet hennar mor

søndag, september 27, 2009

P2 og venstresida...

Denne dagen skulle tilbringes på det teologiske fakultetet - med studentpolitikk i fokus. I staden har den vore tilbrakt i mitt studerkammer - med teologien i sentrum. Det var ikkje heilt meininga, kan ein seie.

Eg stod opp kvart over åtte, og satte kursen mot dusjen. Så langt kom eg ikkje - på vegen fant kroppen min ut at det å kvitte seg med næringsstoffer same veg som dei kom inn var ein god idé. Og feberen vil heller ikkje sleppe taket. Så brått var det berre å krype tilbake i senga.

Men om kroppen enn signaliserte at allmenntilstanden ikkje var som den skulle, var det likevel ikkje råd å få sove. Så kva gjer ein då? Vel, plasserer seg i ein stol, speler bubblespinner (bare for å ha noko å gjere der ein slepp å tenke) og skrur på radioen.

Eg innsåg at eg ikkje hadde hatt på radioen på lange lange tider. Ut frå kanalen radioen var innstilt på, snakker vi i tidleg vår ein gong (då eg berre måtte få med meg 20 spørsmål..).

For kanalen var P2. Som på ein dag som denne var eit særdeles godt selskap. For eg det er ikkje måte på kva eg har fått med meg som ein ganske passiv lyttar i dag. Ikkje berre fekk eg "våkne" til klassisk musikk (0g enda meir klassisk utover dagen), ikkje berre blei eg oppdatert på "crossoverfolkemusikk" og valet i Tyskland.

Men eg fekk med meg eit djubdeintervju med den nye generalsekretæren i World Council of Churches, Olav Fykse Tveit ("hallingdølen", som programleiaren - som forøvrig høyres ut som Vidar Lønn Arnesen - konsekvent kalla han).

World Council of Churches har etterkvart vorte ein særdeles klare i sine uttalar. Med sterk teologisk grunngjeving har ein gått hardt ut mot grådigheit og kapitalisme, og ein har tatt til orde for ein ny verdsorden, både sosialt og økonomisk.

Eit av dei klaraste prova på WCCs sosiale prosjekt, med heile verda (og ikkje berre den vestlege) i fokus, finn ein i det som må vere mitt favorittdokument om dagen, det såkalla AGAPE-dokumentet
(Alternative Globalisation Addressing Peoples and Earth). Som er radikalt i sine ønsker om ein ny verdensorder. Så radikalt at programleiaren i dag freista sette Fykse Tveit fast med at dette må vere "venstresidepolitikk".

Men om det hadde vore "venstresidepolitikk", er det særleg sannsynleg at dei amerikanske, konservative og ganske så republikanske kyrkjene hadde røysta for? Tvilsamt. Derimot er det eit heilt klart ynskje om ei meir rettferdig jord. For alle menneske, ikkje berre vi som tilfeldigvis er mellom dei 10% som har karra til oss 80% av ressursane.

Verda er grassat urettferdig, og det kan dei aller fleste vere samde i, uavhengig av politisk farge. Men om ein verkeleg meiner at ein må tilhøyre venstresida for å kunne ha eit ynskje om ei meir rettvis fordeling, ja, då strekk venstresida seg langt inn i eit politisk landskap ein normalt vil definere som sentrum-høgre.

---
In the House of Stone and Light. Martin Page.

lørdag, september 26, 2009

Auga er sjelens spel?

Eg sit, som eg skreiv for ein time eller så sidan, og jobber litt. Og til liks med Stine KS er det gjerne slik at hjernen leiter etter noko anna å gjere enn studier. Sikkert litt fordi det er naudsynt, og litt fordi det er ganske deilig å slippe taket i konsentrasjonen.

Så dermed blir det vilkårlig surfing, mellom anna via profiler på facebook. Og slik var det eg plutselig kom over ein svært interessant artikkel: det er ikkje så at ansiktsuttrykk ER universelle, sjølv om ein del av oss innbiller oss det. Det kan nemlig tyde på at korleis ein les eit ansikt er kulturelt bestemt. I Austen les dei først og framst auga til folk, medan folk i Vesten les heile ansiktet. Trua på at auga er sjelens speil sit tydelegvis djupare i austleg kultur enn han gjer hos oss.

Eg tillater meg likevel å la meg fascinere ekstra over tillegget i artikkelen - nemlig illustreringa av korleis ein i dei to ulike kulturane teikner sine smilefjes.
Glad: västerlänningar :-) österlänningar (^_^)
Ledsen: västerlänningar :-( österlänningar (;_;) eller (T_T)
Förvånad: västerlänningar :-o österlänningar (o.o)


---
Eyes Wide Open. Travis. The Boy With No Name.

Røynda kallar. Dessverre

Det er laurdag kveld, og eg har inkje mindre enn 4 festar eg har fått invitasjon til å ta del i. Og kva gjer eg? Jo, eg prøver å komme litt a jour og få jobba litt med masteroppgave.

Heile sommaren har eg sveitta bort på eit kontor, og etter ei tid gjekk det opp for meg at eg faktisk ikkje hadde skrive eit ord i løpet av sommaren*, enda så mykje planlagt det var. Så byrja kvardagen att, og eg drog heim til Sørlandet for å tilbringe ein månad på E39, RV463 og RV465. Valkamp, med andre ord. Då eg så kom tilbake til hovudstaden, var det rett tilbake til jobb og møteverksemd, og nokre timar med gamle kjende sånn innimellom. Og plutseleg gjekk det opp for meg at min store ambisjon om å bruke sommaren og tida før og etter valkampen til å skrive ferdig første kapittel jammen ikkje har blitt realisert. Skumle greier.

Og elles?! Vel, det går (som vanlig) unna på høggir. Og eg har innsett at eg har TO ledige helger før vi snakker juleferie. Og eg er ganske sikker på at minst ei av dei vil bestå i tur heim. Og at dei dagene eg skal avspasere i haust igrunnen alle brukes opp på å reise utenlands. I anna embeds medfør. Joda.

*det er heldigvis ikkje heilt sant. Det bare føles sånn, særleg når eg veit kor flink eg hadde tenkt at eg skulle vere...

---
All that jazz. Catherine Zeta-Jones m.fl. Chicago OST.

tirsdag, september 08, 2009

Nei til elitedemokrati

Kvinnherad Kyrkje - foto: Signhild Stave Samuelsen

Bjarte Ystebø, redaktør av Norge Idag, melder til VG at han frykter høg valdeltaking i Kyrkjevalet. Han meiner nemlig at det er eit demokratisk problem dersom mange av ikkje-kykjegjengarane nytter røysteretten sin i Kyrkjevalet.

Det er åpenbart at Kyrkja har ei utfordring når store delar av medlemsmassen (og då sikter eg til dei som sjølv ynskjer å stå som medlemmer..) ikkje rekner Kyrkja som ein relevant del av sin kvardag. Når dei fleste av oss heller vil sove lenge på søndagane enn å sitte på ein hard kyrkjebenk, viser det ei stor utfordring for DNK. Men det er ikkje det same som at vi finn Kyrkja uinteressant.

For framleis vel vi Kyrkja til livets overganger - barnedåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd - framleis opplever vi Kyrkja som relevant, men ikkje alltid i kvardagen. Kanskje er det ikkje så rart, for kva tid møter vi elles Kyrkjas representanter? I avisspaltene, når dei argumenterer mot sambuarskap eller kjønnsnøytral ekteskapslov. Saker der dei som kjem til orde frå Kyrkjas side har meininger som går på tvers av fleirtalet i folket, fordi det er dei konservative som er dei einaste som kjem til orde. Slik kan det ikkje fortsette. Og nettopp derfor er det viktig at vi som har røysterett, men ikkje er dei som slit kyrkjebenkene mest, nytter den. Fordi vi kan velge inn kandidater som kan balansere desse meiningene. Og som kan bidra til at Kyrkja heilt reelt blir ei Folkekyrkje.

Skal ein følge Ystebøs resonnement, skulle ein hevde at berre dei som var medlemmer i politiske parti skulle nytte røysteretten sin for at eit val skulle reknast som demokratisk. Eg trur til og med Ystebø ville vore samd i at dét ville vore ein dum - og udemokratisk - idé.

Er du usikker på kven som bør få røysta di? Då vil eg anbefale ein tur på nettsidene til Norges Kristelige Studentforbund. Dei har laga ei liste over liberale kandidatar som stiller i dei ulike bispedømmeråda,

torsdag, august 20, 2009

Dama som snudde ryggen til Hagen


Foto: Torrey Enoksen, Farsunds avis

Eg er igrunnen veldig stolt av bestemor mi i dag. Ho snudde nemlig ryggen til Carl I. Hagen då han besøkte Listaheimen, så han måtte snu stolen hennar sjølv. Det heile foreviga av Torrey i Farsunds avis.

Det er i alle fall slik eg kjem til å fortelle historia vidare. Mine barnebarn står i fare for å høyre mi høgst private, politiske tolkning av det heile: bestemor snudde ryggen til Carl I. i protest.

Sanninga er nok at mi kjære bestemor Jenny, som tykkjer Carl Ivar er ein kjekk kar, ikkje er i stand til å snu seg rundt for eigen maskin, og sat sånn til at ho var mellom dei siste ein hadde klart å snu på, og at Carl hoppa til for å bidra, som den gentleman han er (i alle fall i møte med søte gamle damer). Men det er nå ikkje kvar dag bestemor blir framsidemateriale i lokalavisen....

tirsdag, juli 21, 2009

Signhild-drikk-kaffi-med-Rune-bloggen

Rune etterlyste ein eigen Signhild-og-Rune-drikk-kaffi-blogg. Men sidan eg har alt for mange blogger å administrere som det er, gadd eg ikkje opprette ein eigen, og peiser det derfor inn i denne..

Det var 1 veke og 1 dag sidan siste felles kaffikopp. (Her bør det muligens legges til at det var ein merkedag som var skuld i at vi begge hadde peil på akkurat det)

Det kan meldes at Sondre Lerche vandra forbi vinduet, og såg igrunnen både frisk og opplagt ut.

Elles kan det meldast om følgande:
*sovehjartene er ikkje jamnt fordelte, og sjølv med god vilje får ein ikkje til rettferdig fordeling.
*det er mogleg å stå opp om morgonen utan å ha sove, men om du våkner, er det som regel eit teikn på at Jon Blund har vore på besøk. Koselugging fungerer bare kanskje som sovemedisin,
*U2 er bra
*det er godt Signhild er i Zagreb mens Rune er på konsert i Dublin...
*fotballagsfanklubbsmedlemskap utelukkande på grunn av råkjøring er ikkje å anbefale, sjølv om Mandalskameratane er (var?) tøffe
*det er grunn til bekymring om du finn din private espressomaskin på kaffibar
*tid er relativt
*runer er kult, men gløymt (Rune, derimot, er både kul og huska!)
*kjært barn har kanskje mange navn
*eierskifteforsikring er ein fin ting, aller helst når den ikkje blir brukt

lørdag, juli 18, 2009

EU - eit fredsprosjekt?!

Ja-sida har i fleire år hevda at EU er eit fredsprosjekt. Grunngjevinga er at det etter oppretinga av Kôl- og stålunionen ikkje har vore krig mellom Tyskland og Frankrike, og at det sidan andre verdskrigen ikkje har vore krig i det nordlege Europa. Og statar som har kome med i EU, har heller ikkje hatt insentiv til å gå til krig mot naboen. (Så seier dei fint lite om at EU ikkje har klart å få slutt på konflikta i Nord-Irland, der det stadig balanseres mellom varm og kald krig).

Denne veka kom meldinga om at EU opner for at Makedonia, Serbia og Montenegro skal få sleppe visum i EU (som nok truleg betyr Schengen) frå cirka 2010. Det høyres unekteleg fint ut, men det byr på store problem - særleg i Bosnia og Hercegovina. For kva fryter ein kan skje der? Jo, at det kan føre til at eit allereie skjørt land går opp i liminga.

Landets konstitusjon er tufta på tre "statsberande" nasjonar: kroatar, bosnijakar og serbarar. Kroatane har ofte statsborgarskap i både BiH og i Kroatia, og serbarane har tilsvarande i Serbia. Dermed er det muslimane, bosnijakane, som er dei einaste ein held utanfor det gode selskap. Det kan fortone seg som ei fillesak, men det er det ikkje. For når naboen din ikkje treng visum, men du gjer det, og de skal på tur i lag, gjer det noko med samhaldskjensla. På lang sikt kan diverre utvidinga av reglementet til EU bidra til å forsterke allereie ulmande konflikar i landet. Eg vonar eg tek feil.

tirsdag, juli 14, 2009

Å møte seg sjølv i døra

Bestemor mi har eit mørkt parti under auga alltid. Ein ser det ikkje så godt sånn til kvardags, men det kjem særleg godt fram når ho blir tatt bilde av.

For nokre år tilbake oppdaga eg at eg heldt på å få den same typen mørke "spor" under auga. Men så fann eg eit barnebilde av bestemor, og blei sjeleglad for å sjå at ho alltid hadde hatt dei.

Så eg slo meg til ro med at eg aldri kom til å få noko anna enn ein moderat utgåve, og kjende eg kunne leve godt med at det ser ut som om eg har bomma på maskaraen.

I dag var eg og henta mitt nye pass, og fekk hakeslepp då eg såg korleis eg ser ut på bildet. Ikkje er det hettegenseren som berre heng på eine skuldra (det blei jo nesten kult), men derimot erkjennelsen av at eg er arveleg belasta.




For nei, det er ikkje malplassert sminke, dessverre.

Eg er akkurat nå veldig glad for at passet mitt opprinnelig var av typen der identifikasjonssida løysner. For så varer ikkje passet så frykteleg lenge.

Memo til meg sjølv om nokre år: når det er på tide å fornye passet - hugs brunkrem under auga...

torsdag, juli 09, 2009

Du veit du er på Sørlandet når...


...du høyrer det startes festival i nabolaget, og dei tre viktigaste punkta på programmet er fotball, rock og gudsteneste. :)

Og nei, bildet er ikkje frå Korshamn, men frå Loshavn, som er enda eit lite hakk meir fantastisk enn Korshamn (det skal godt gjerast). Men det er sommer, sol, Sørland og hav og bare herlig. 


----
Reinert me' beine. 
Som forøvrig opprinnelig er ei skrøne frå ein mann frå Eikvåg, nabohavna til Loshavn. Joda. 

Kvifor er eg i Oslo akkurat nå? Eg er åpenbart på feil plass! :)

Hmmm...

Eg har nå registrert utmeldinger til organisasjonen der eg jobber, og heilt automatisk sender eg epost til dei det gjeld med "det er nå registrert".

Og brått slo det meg at kvar einaste gong eg har meldt adresseendring (det er ikkje få!) til dei mange organisasjonane eg er medlem av (det er heller ikkje få!), har eg berre EI gong fått ei melding om at det er registrert. Til gjengjeld har den tilbakemeldinga, som forøvrig kom frå Ungdom mot Narkotika, brent seg fast i minnet i så stor grad at eg hugser at han som sendte ho heitte Magne, hadde eit -sen-etternavn og begynte på R.

Eg konkluderer med at det ikkje er ein vanleg ting å gjere. Men eg konkluderer også med at eg personleg i alle fall er veldig glad for å få informasjon om at slike ting er gjort.

Og det er då eg kjenner at eg treng tips. Er det information overload å gjere det, eller burde det vore ein sjølvfølge å få vite at adresser er endra og utmeldinger registrert? Kva meiner du?

tirsdag, juni 30, 2009

Oppdatering

Joda, her var det oppdatert gitt. Og sidan eg i profesjonell samanheng oppsummerer eit halvår, kan eg jo oppsummere dei siste fjorten dagene.

Sidan sist har eg
*flytta
*fått ny jobb og gitt frå meg nøklene til dei to andre
*vore på American Festival
*ønska at eg kunne bu i Lista-sommeren til evig tid heilt uhorveleg mange gonger
*blitt singel igjen (og eg er veldig fornøyd med det, om nokon skulle lure)
*fått masse skattepenger
*brukt nesten like masse skattepenger
*brukt under 10 minutt frå eg gjekk inn på ein HM til eg gjekk ut med 6 plagg. Køståing foran prøverom og kassa tok det meste av tida. (Eg ELSKER effektive shoppingrunder!)
*tatt bilder til ungdomsbrosjyra
*sitte timesvis og rent vekk på kontoret - med dertilhøyrande kontraproduktivitet
*bada på Bausje
*nesten blitt brun
*skaffa meg diktafon - endeleg
*høyrt massemassemasse på Maja sin musikk. Anbefales, særleg for andre kontorrotter i denne varmen!

søndag, juni 14, 2009

Dei små fortellingane si tid

Eg har høyrt at dei store fortellingane si tid er forbi. Og eg kjenner at eg igrunnen er veldig glad til. For er det mogleg å skrive ei stor og epokevendande fortelling i dag? Alle dei store historiane er jo (tilsynelatande) skrive. Kjærleikshistoriene kan ikkje overgå Romeo og Julie, ingen lyg betre enn Peer Gynt og lite kan ryste eit samfunn slik Et Dukkehjem kunne. For å nemne noko.

Nettopp derfor vil eg slå eit slag for dei SMÅ fortellingene. Kvardagshistoriene. Eller, som NRK har kalla dei: postkorta frå livet. 

Eg skulle bruke denne kvelden til å rydde og pakke flyttelass. Men før eg visste ordet av det, hadde eg brukt masse tid på postkortsurfing i staden. Mens eg lytta til postkortsonger. Fordi dei små historiene kan vere vel så skjellsettande. Som den om Asbjørn, til dømes.

---
Skrinet. Hellbillies. Postkort fra livet. 2008

lørdag, juni 06, 2009

Nynorskpartiet


Partiet over alle parti har gått inn for ekte språkleg rettferd: i den trykte utgåva av partiprogrammet blir annakvart kapittel på bokmål og annakvart på nynorsk. Og om ein vil ha programmet utelukkande på si målform, er det berre å laste ned. Hurra!

--
Speak the Word. Tracy Chapman. Telling Stories.

fredag, juni 05, 2009

Tidlig krøkes?

Ei venninne av meg fortalde meg i går om at ho i sin spede ungdom hadde fått utdelt kondomer på møte i Røde Kors. Dagen etter kommenterte ho dette i klasserommet, læraren blei heilt frå seg. Dette er rett nok nokre år sidan, men eg kjenner meg ganske sikker på at reaksjonen fort kunne blitt den samme frå ein del lærarar i dag.

Episoden starta ein lang diskusjon oss imellom. For kva er eigentleg det rette i ein slik situasjon? Er det slik at ein oppmoder ungdom (som i dette tilfellet hadde i alle fall 3, om ikkje fleire, år att til dei var over den seksuelle lågalderen) til å ha sex ved å gi dei kondomer? Eller er det slik at ein bidreg til normalisering av prevensjon - og slik bidreg til betre seksuell helse?

Eg held ein knapp på at det å normalisere kondomar kan bidra til ei auka openheit rundt sex, som igjen kan bidra til at ungdommane blir tryggare på sine eigne grenser, og dermed ikkje hopper til køys med mindre dei er klar for det. Kva trur du?

onsdag, juni 03, 2009

Eksamensmarerittet og kreftene du ikkje veit du har før du treng dei


Illustrasjonsbilde av lesesalspulten min tatt ca 12 timer før marerittet inntraff.

Det er rart korleis det vert, uansett kor godt ein planlegger ting, og uansett kor god tid ein har brukt på ting, ender det opp med å ferdigstilles i siste sekund. Særleg gjeld det meg, trur eg, og særlegsærleg gjeld det når eg har eksamen. (Og ja, det skal stå "når" og ikkje "då". Kvar gong når og den gong da, remember?)

Hos meg gjeld prinsippet "ingen heimeeksamen uten våkenatt siste natta". Det har vist seg at uansett kor mange dagar eg har til rådvelde, ender eg opp med at siste natta tilbringes føre datamaskinen med enorme mengder bøker, mykje kaffi, mykje tid, mange liter cola light, mykje sukkerholdige varer - og hyppige dopauser. Og heldigvis ein god del skriving.

Natt til i går blei atter eit sånn natt. Eg hadde skrive kring 1300 ord (av 3000-4000) før eg drog heim for å ha skrivenatt, men hadde, for første gong på veldig lenge ganske god kontroll på KVA eg ville ha på papiret. Då klokka var ti over halv åtte på morgonen og sola tok turen inn gjennom vinduet igjen, og eg kjende eg var godt fornøyd med mine då 3600-og-nokre ord. Skulle skrive to setninger til, legge meg nokre timer og så stikke på Blindern for å printe ut og lese gjennom.

Så låser maskinen seg. Totalt. Det er bare ein ting å gjere: skru den av og starte på nytt. "Jaja, det er vel ikkje meir enn maks eit kvarters skriving den ikkje har tatt vare på", tenkte eg. Heldigvis var trongen til å sjekke kor mykje eg måtte skrive på nytt større enn trongen til å legge meg umiddelbart. For då eg åpna fila att, sette maskinen igang ein såkalla recovery-prosess. Og det einaste fila den gjenoppretta fila inneholdt, var dei 1300 orda som var å finne på fila før ei satt oppe heile natta.

Eg kjende eg hadde to ting eg kunne gjere: (1) legge meg ned og grine og slå til noko rundt meg så hardt at eg fekk vondt i armen eller (2) berre jobbe vidare ut frå det eg hadde. Eg skal innrømme at det var scenario 1 som frista mest. Men samstundes kjende eg at det faktisk var heilt uaktuelt å gjere - eg hadde jo 7 timer på meg til eg måtte levere, og det MÅTTE jo bare gå. Så eg kasta meg rundt og byrja skrive. Problemet var heile vegen at eg ikkje ante om eg hadde skrive det tidlegare i den innleverte teksten, eller om eg hadde skrive det i det som blei "kasta", men eg måtte bare skrive og skrive. Men aldri har det vore så enkelt, for eg hadde jo kanonpeil på kor ting skulle vere. På eit eller anna vis gjekk det toleg. Eg fekk både korrekturlese og sjekka somme kjelder før eg leverte, berre 10 min for seint (men med fantastiske TF gjekk det heilt ok).

Har lese gjennom oppgaven nå i dag, og joda, det er ikkje alt som heng saman, og det er dessverre slik at nokre av poenga eg refererer til har falt ut. Men pytt, den er levert og eg trur eg tør spå at eg i alle fall står på denne, sjølv om eg nok ikkje svarer 100 % på oppgava.

Men eg må ærleg innrømme at eg stussa veldig på kor eg klarte å hente desse kreftene til å gjennomføre frå. Eg hadde sove minimalt natta før, og 2 x 20 min i løpet av natta, og likevel var eg heilt lys våken frå eg oppdaga at eg ikkje hadde teksten og til den var godt og vel levert. Og vel kan noko av det sjølvsagt plasseres på konto for at må ha gått enorme mengder oppkvikkande koffein gjennom kroppen min, og det kan saktens vere ein faktor i forklaringa - men heile sanninga ligg ikkje der. Ganske langt derifrå. Derimot er det noko med at vi menneske er skapt med eit enormt "reservebatteri" - dei gongene det er absolutt nødvendig, får vi til å kaste oss rundt og bruke desse kreftene vi tapper frå reservene. Det er dette "batteriet" som gjer at ein klarer å kaste seg rundt og gjennomføre både helvetesveka i militæret og heimeeksamener sjølv etter at ein under normale omstende ville gitt opp.

Etter ein spasertur til Majorstua, tok eg trikken heim for å fores igjen, og kom på den lure ideen at eg skulle legge meg på sofaen og sjå film berre for å slappe av, før eg skulle på Rådhuset for å drikke sjampis og spise kanapear med Fabian - nærmere bestemt det fantastiske feire Barne- og Ungdomsrådet i Oslo sitt 25-års jubileum. Men eit eller anna tidspunkt mot slutten av Jane Austen Book Club sovna eg av utmattelse - og vakna først i det tilstelninga var i ferd med å ta slutt. Så mykje for at eg blei solbrent på laurdag i mitt forsøk på å få litt farge på meg før eg tok på den grøne kjolen eg hadde tenkt å ha på meg, liksom.



---
Tired. Thom Hell. I love you

mandag, juni 01, 2009

Ei likning ein andre pinsedag


Vivaldis fire årstider + 3 liter vatn + mange pauser + store mengder kaffi + 2 liter cola + 3000 ord + markeringstusj + Red Bull + mat + sjokolade + midtausten, bosnia og faith based diplomacy = levering av heimeeksamen seinast om 22 timar.

Eg kjenner eg tykkjer frykteleg synd på meg sjølv...

----
Winter: Largo. Vanessa Mae. Vivaldi: The Original Four Seasons. 1998.

søndag, mai 31, 2009

Å ta av på sørlandsk

Fvn.no, også kjend som nettutgåva til Fædrelandsvennen, melder i dag at ein kar frå Kristiansand vann 14,noko millioner i lotto i går. Og kva svarer den ferske lottovinner? Jo, at han skal ta seg ein konjakk.

Då mammas tippelag for nokre år sidan vann ein ganske mykje mindre sum, men likevel nok til at det var femsifra til kvar, svarte mamma (som på dåverande tidspunkt feira gemalens 50-årsdag) at "det var jo fint, då skal eg kjøpe meg nye vinduer". Ikkje noko hurra, ikkje noko jippi, men tørt og avmålt at vindusshopping var det neste. (Det skal dog innvendes at jubelen kom litt seinare på kvelden, på det tidspunktet festen nærma seg tom for vin)

Stormande jubel har eit litt anna uttrykk på Sørlandet enn elles i landet.

Apropos Lotto: om du som tilfeldigvis les dette også tilfeldigvis har iTunes: logg deg inn på "iTunes Store" og bestill Morgenkåseriet frå P1 på podcast - og høyr på Godi Kellers fantastiske lottovinnerkåseri frå 8. mai. ...og Arne Hjeltnes om språk frå 20. mai anbefales også på det sterkaste. Eg ler ennå så eg rister.

--
Jammen. Jan Engervik. Jammen alligavel.

fredag, mai 29, 2009

Hurra for Jenny - og for eigaren hennar!


Farsunds Avis kunne i dag melde at Jenny på nabogarden min har vunne førsteprisen i ein regional missekonkurranse. Ho kan heretter smykke seg med tittelen "den vakreste på Lista og i Lyngdal". Juryen kåra Jenny til årets Miss fordi ho har "flotte bein, høyreist kropp, fine hofter og jur". Men Jenny er ikkje som andre misser, slik siste del av juryuttala kan tyde på. Ho er kring 2 og eit halvt år, og ku.

Og ein kan saktens vere stolt over å vere "nabo" til ei ekte miss, men eg må seie at det er Jennys eigar, Glenn, som gjer meg stolt. For Glenn Mathingsdal er berre 20 år, men hadde eit så sterkt ynskje om å bli bonde at då garden på Vere blei lagt ut for sal, kasta han seg rundt og blei bonde på fulltid. I ei tid der andre legg ned fordi dei ikkje opplev at det løner seg, har Glenn gått mot straumen og turt å satse på matproduksjon - til det beste for oss alle.



Foto: Trine Fladstad, Farsunds Avis

Relativt


Eg sit på lesesalen på TF og prøver febrilsk å vrenge hjernen min til å komme på noko lurt å skrive i eksamensoppgaven min. Ingen enkel oppgave, er eg redd. På eseLsalen, som det heiter her på bruket, står vindauga oppe, og "småfuglen i hekken synger sangen min". Som fekk meg til å gruble litt på nordmenns forhold til to parallelle fenomen: a) natur og b) stillheit.

Førre helg var ei i Brussel, og på vår vandring frå kontoret til YFJ og til middagen rett nedenfor Justispalasset kom vi inn i ei smal gate der all lyden frå Ringvegen forsvann - den einaste lyden ein kunne høyre var fuglene som song i Kong Leopols hage like ved. "Å så fantastisk stille det er her!" utbryter eg til min austerriske kollega. Han svarer "ja, om den fuglen der oppe bare hadde holdt munn, så".

Eg har aldri kjend meg så norsk som det eg gjorde då. Brått gjekk det nemlig opp for meg at det i mitt svært så norske sinn er at ein del av pakka med å oppsøke skogens ro jo nettopp er å høyre på stilla, freden OG fuglesongen.


(og nei, det er ikkje vipe som er utenfor her. Men eg bare MÅ ta ho fram, fordi eg er vårglad, og vipa er jo vårfuglen framfor nokon!)

---
En vill en. DumDum Boys. Blodig alvor. 1987

tirsdag, mai 26, 2009

Hard på spidlemmen?

Eg er "hard på Spidlemmen", som det heiter på listask. Direkte oversatt betyr det at eg er "hard på gasspedalen" - altså at eg har ein tendens til å køyre for fort. Det gjeld kanskje særleg når eg er heime, for landskapet er flatt (mister litt oversikt over avstand då) og ein har ofte veldig god oversikt over både veien og sideveiene på lang avstand. Eller har ein det?

Statens Vegvesen har iverksett ein kampanje for å få sånne som meg til å spide litt ned, og ikkje opp. Skilnaden på å halde fartsgrensa og å ligge ti over er stor - og burde vere ein tankevekkar for oss alle:




---
Drive me. Jamie Walters. Jamie Walters. 1994

Bok: Betre død enn homofil?

Eg gjekk tilfeldigvis av på Olaf Ryes plass i går, og gjekk tilfeldigvis innom ARK, fordi eg tenkte at NÅ skulle eg kjøpe boka - eg hadde nemlig tenkt at ho skulle anskaffes allereie då ho kom, men eg kom aldri så langt. Då møtet eg var på var omme, skulle eg bare "bla litt" i boka. På trikken heim skulle eg bare bla litt til. Og så skulle eg jo legge meg tidlig, fordi eg var så trøytt. På eit merkeleg vis enda det med at eg sovna fullt påkledd med vinduet på vidt gap, taklyset på og boka utlest ved siden av meg.




Tittel: Betre død enn homofil? Å vere kristen og homo (2009)

Forfatter: Arnfinn Nordbø

I et nøtteskall: I første del av boka fortel Arnfinn Nordbø om sin oppvekst i bedehusmiljøet i Rogaland, og om prosessen han gjekk gjennom før og etter at han stod fram som homofil for familie og venner - og etter at stod fram i media og fortalde om korleis han var blitt møtt av miljøet. I den andre delen ser han på den teologiske grunngivinga for kvifor homofili er synd, og plasserer bibelstadane i sin rette kontekst, heile vegen med spørsmålet: når vi har "avvikla" dei påboda som omkranser desse fordi vi t.d. meiner det er heilt greitt at kvinner skal få lov til å snakke i forsamlinger - kvifor skal då nett desse utsegnene ha verdi? Han presiserer at han ikkje er teolog, men han har granska dei teologiske tekstene nøye, og ser mellom anna på feilomsetjinger i vår bibel.

Favorittutdrag:
"Kvifor er trommer og rock synd, eller i det minste ikkje rett? Kvifor var trekkspel synd før? Og fele? Bassgitar? Kvifor skulle ein helst bare spele fingerspel på gitaren og ikkje slå på strengene, som eg hørte frå ein predikant i Misjonssambandet? Kortspel?
Eg trur alt dette heng saman med ei frykt for alt som er nytt. Det handlar om frykt for noko dei kjenner frå "denne verda", dvs den syndige verda, frå folk som ikkje vanlegvis går på bedehuset og i kyrkja."

"I 10 år ba eg fånyttes. Kjenslene mine for guter forsvann ikkje, dei blei berre sterkare og sterkare dess eldre eg blei. Eg var sikker på at Gud ikkje ønskte eg skulle leve ut kjærleiken min til ein annan gut. Men kvifor svarte han meg aldri? [...]
Etter mange år gjekk det opp for meg at Gud kanskje alltid hadde svara meg. Han ville eg skulle vere som eg var. Han hadde svara meg gjennom desse 10 åra, berre annleis enn eg ønskte og trudde han skulle svare. Eg ville jo han skulle gjere meg heterofil! Men han ville eg skulle vere den eg var - den han hadde skapt meg til å vere"


Tanker i ettertid: Arnfinn si bok er full av kjærleik. Kjærleik til kjærasten sin. Kjærleik til familien sin. Kjærleik til miljøet der han vaks opp. Kjærleik til verda og kjærleik til Gud. Og det er ei sterk soge frå ein sterk gut som ikkje lenger kunne leve på ei løgn. Ei sterk soge om ein gut som etter ein lang kamp med seg sjølv og sine omgivnader fekk fred med seg sjølv og med Gud.

Anbefales: I høgste grad! Til alle som er litt interessert i religion og seksualitet. Til alle som lurer på korleis konservative kristne miljø er på innsida. Og til alle som måtte ha interesse av teologi og korleis Bibelen brukes til legitimering. Men åtvaring: delar av boka, særleg i del 1, krev noko å tørke tårer med. Og ikkje først og framst fordi det er trist, men fordi Arnfinn skriv så levande og så kjærleiksfullt om sine omgivnader.

Terningkast: 6.
5 fordi boka er veldig bra, og eit ekstrapoeng fordi Arnfinn er TØFF.

Og Arnfinn: eg er superstolt av deg!


----
Wrap it up with Love. Noa. Blue Touches Blue. 2000.

fredag, mai 22, 2009

Så definitivt ikkje min dag..

Eg sit akkurat nå i Brussels, på eit fantastisk hotellrom på Luxemburg. Skal tilbringe helga på møte i European Youth Forums arbeidsgruppe om menneskerettar (også kjend som YFJ HRWG for dei veldig innvidde). Men det kjennes som eit lite under at eg i det heile er her.

Før eg forklarer kvifor, bør eg seie at eg er eit slikt menneske som liker å vere ute i god tid. Eg pleier derfor å seie til meg sjølv at eit fly som går 1145 går 11, slik at eg har ein god buffer in case of emergency. Problemet var at flyet mitt skulle gå 12, og seinaste check-in var 11 - og eg hadde sagt "12" til meg sjølv. Eg tok derfor utgangspunkt i at eg hadde litt god tid. Akk sann.

Av "ulike årsaker" fekk eg ikkje heilt til å stå opp 930, slik eg hadde tenkt. Men då klokka var nokre minutt over 10 var eg ferdigdusja og i fullt firsprang ut mot t-banen, fullt bestemt på å nå ein bestemt bane. Eg skal først krysse trikkesporene til 13-trikken, deretter springe over tilbringerveien til ring 3. Alt vel så langt. Inntil eg oppdager at det er ein 13-trikk på veg mot meg, og eg bestemmer meg for å løpe over skinnene før den nærmer seg, slik at eg kan klare å slippe å bli ståande, og dermed nå over veien på grønt lys - og t-banen. Joda.

For brått ligg eg langflat i trikkeskinnene. Hjulet på min fantastiske lille koffert har satt seg fast i skinnene, og der låg eg. Møkkete og full av skrubbsår på både hender og føtter var det bare å traske i veg - for å konstatere at banen var gått før eg kom på perrongen.





Så eg måtte bare vente på neste. Og dermed rakk eg ikkje 10:30-flytoget. Flytoget bruker minst 19 min frå Gardermoen til Oslo S - med andre ord var neste flytog, 10:45, garantert for seint inne til siste check in klokka 11.

Kva gjer ein då? Jo, ein ringer pappaen sin. Sender passordet til eposten på sms og smiler pent til verdas beste pappa og spør om han kan logge seg inn på eposten, finne check-in-eposten frå flyselskapet og sjekke meg inn over nett. Snille, snille pappaen min gjer som han blir bedt om. Problemet er bare at sida meddeler "vennligst vent" i intet mindre enn 20 minutt.

Eg sit på flytoget og funderer på kva i helsike eg skal finne på å gjere om eg ikkje kjem med flyet. Om eg må prøve å grine meg til plass, eller om eg må finne på noko anna. Heldigvis slepp eg ta til tårene - dama bak innsjekken på Gardermoen seier at eg får lov til å vere med flyet, men også at eg allereie er sjekka inn!

Vel installert på flyet viser det seg at det er tomt for mat, eg kan velge mellom øl, brus og chips. Tænkjuverrimøtsj, eg hadde ikkje tid til å spise frokosten eg hadde tenkt å spise på Gardermoen. I det eg går ut av flyet kjenner eg at mitt venstre kne liker forholda SVÆRT dårlig. Det har ikkje vore godt på mange år, men nå har det fått seg ein real trøkk, og deretter fått gleden av å sitte stille. Det er med andre ord meint til å gå gale.

Men eg kom meg nå fram til slutt, og fekk meg frukost sånn lenge etter lunsjtid ein gong. Og kjenner at eg saktens skal klare å hinke meg fram i nokre dager.



----
Eg gjenopptar forsøket med å finne ein passande song til kvart eit innlegg, og derfor:

Soundtrack: Møkkamann. DumDumBoys. Sus 1996.

torsdag, mai 21, 2009

Kur mot finanskrise?

Kristin Halvorsen har fleire gonger vore ute og sagt ting i retning av "shop meir". I desse finanskrisetider er det nemlig slik at di meir ein shopper, di betre er det for å halde hjula i gang. Så det er visstnok bare å hive seg rundt og la kortet løpe varmt.

Eg kom heim frå Island for få timar sidan, og eg har for første gong på lenge shoppa. Ikkje i veldig store mengder, men har nå skaffa meg alt frå koffert til julegaver - og ikkje minst, denne: (kven kan motstå, liksom?!)



Ps. Påstanden om at Island er billig er overdrive. Skjønt, kanskje det berre handler om at vi eigentleg aldri fekk ein skikkelig valutapris? Gardermoen sa 6 NOK per 100 ISK, Reykjavik meinte 16 og Akureyri 19...

fredag, mai 15, 2009

Tillit

Eg er løgstrupianer. Det skyldes kanskje primært Løgstrups teser om tillit. Eg har nemlig klokketru på at tillit er ein av dei aller mest grunnleggande menneskelege verdiane. Eg kan faktisk ikkje tenke meg korleis det skulle vere dersom verda hadde vore eit totalt anarki utan tillitsstrukturar.

Problemet med å ha så stor tillit til verda, er at ein stundom ikkje heilt fatter at ein er lurt før det er for seint. Nett nå er eg på Schæffergården på konferanse om bærekraftig utvikling i Østersjøområdet. Ifølge forklaringa eg fekk frå arrangørane, skulle eg ta bussen frå Hellerup til "Jægersborg Barracks" (som sjåføren ikkje heilt forstod kva var, meir om det seinare, om anden kjem over meg ein dag), og deretter finne gården i Jægersborg Allé 166. Så langt så bra.

Eg liker å finne fram på intuisjon og gateskilt, og fann eit skilt tvers over vegen frå busstoppet. Så eg sprang dit, der det, fantastisk nok, var merka at vegen rett fram ville lede til Jægersborg Allé. Og ikkje berre kunne den fortelle gatenamn, men jaggu fekk eg ikkje melding om at 166 var eit av desse. Herlig. Så eg byrja traske.

Vegen svingte, så gjorde eg, sjølv om eg stussa veldig over at det brått stod "10" på ei gatedør. Etter at eg hadde traska ein fem minutts tid, endte denne vegen i ein ny veg. Men ingen nye skilt som fortalde korleis eg skulle finne fram. Så eg taska oppover vegen. Inn ei gate, og litt tilbake. Og fann ut at eg bare måtte traske litt og nyte turen, for før eller seinare måtte eg jo finne fram. Og eg fann fram til sist. Det viste seg at det skiltet som fortalde at Jægersborg allé var snudd på.

Dette seier meg to ting: det var godt det var sol og varmt (og at eg hadde lett bagasje). Og at Løgstrup hadde rett. Eg har i alle fall sterk tiltru til gateskilt.

søndag, mai 10, 2009

Procasting nation


Eg hadde ein gong i tida ein plan om å bli effektiv. Skrive lister over kva som måtte gjerast kva tid - og så gjennomføre planen. Men som med så mykje anna her i livet, det blei med planen.

Eg har t.d. i meir enn tre veker holdt på å skulle skrive ferdig masterskissa mi. Og eg melde på torsdag til rettleiiar at eg skulle sende epost med skissa "i dag eller i morgon". Og ho er framleis ikkje ferdig. Så her sit eg. Og prøver å skvise teksten i så stor grad at eg kan klare å tilfredsstille både lengdekrav og meiningsinnhaldskrav.

Kva har eg så fyllt den tida eg hadde planer om å bruke på masterskissa med, sånn eigentleg? Vel, noko av grunnen til at eg ikkje er ferdig skuldes (heldigvis) at eg alltid undervurderer eigne evner til å vere effektiv - eg trur t.d. framleis at det tar meg "ca 5 minutt" å lage ei deltakerliste ved hjelp av klipp og lim, enda eg veit forbanna godt at eg må legge på minst 25 minutt ekstra om det skal funke. Og så trur eg eg har tenkt at eg kan kombinere med å sitte i møter og slikt (det har ikkje akkurat vore underskot på slike), sjølv om eg veit at eg aldri får skrive under møta, og at kveldane etter programslutt er det same som at eg er sosial med meddeltakarar. Heldigvis.

Men det aller aller meste må settes på konto for det engelskmenn kaller Procastination, altså det å utsette å gjere det du skal gjere, sjølv om du veit at du burde gjort det. For å kunne kalles Procastination, må det ein gjer vere "counterproductive, needless, and delaying". Med andre ord kvalifiserer det å spele boblespillet til Dagbla' særdeles godt. Der ligg i alle fall skyld..


....og som eit lite apropos, anbefales følgande dikt. Kjenner meg så vanvittig godt igjen... (Og Alletinde, eg venter framleis på at du skal røpe kven du eigentleg er. Tykkjer eg har venta lenge nok. Haha)

lørdag, mai 09, 2009

Satsing på levedyktige kommuner


Fagforbundet i Vestfold har tatt initiativ til å jobbe for at kommunane skal få gode rammevilkår. Gjennom "epostopprop" direkte til statsrådene Stoltenberg, Halvorsen, Kleppa og Brustad som vektlegg at ein seier nei til kutt i kommunane og ja til satsing på næringsliv og landbruk.

Det finst ein heilt enkel "kur" for å få dette til: Stem Senterpartiet!

tirsdag, mai 05, 2009

Å planlegge - og å replanlegge

Eg skulle til Heidelberg neste semester. Eg skulle ned dit for å pusle litt med masteroppgåva, og for å ta eit emne. Lære tysk, drikke øl, leve studenterlivet på bortebane og kjenne meg fri.

Men så blei eg utsett for gruppepress. Massivt sådan. Så sterkt at eg gav etter og søkte jobben. Og fekk han.

Så brått skal eg ikkje vere tysklandsstudine likevel. Brått skal eg i staden smykke meg med tittelen Generalsekretær i ein ti månaders tid medan den noverande er ute i fødselspermisjon. Og eg kjenner at det igrunnen er veldig kjekt. Eg gler meg.

mandag, april 20, 2009

Det gløymte demokratiet

For ei tid tilbake var eg ein tur i Kviterussland. Og i møtet med kviterussiske venner fekk eg ei ny forståing av kva demokrati er, og kvifor det er så viktig.

I ei samtale med ei av mine kviterussiske venninner, seier ho brått "du, eg er så misunneleg på deg! Som får lov til å bu i eit levande demokrati. Kvar einaste morgon vakner eg opp, og kjenner at det er ein ting som saknast i livet mitt. I landet mitt. Og det er høvet til å bu i eit demokratisk land."


Det var ei uttale som virka både fjern og på grensa til overdramatisk på meg. Min første tanke var om at det nok var litt overdrive. Inntil det gjekk opp for meg kva demokrati faktisk betyr i eit land som Kviterussland. Demokrati handlar nemleg ikkje berre om retten til å demokratisk velge kven ein vil at skal styre landet, kva politikk som skal gjelde innan landegrensene. Demokrati handlar også om ting vi tek vel så for gitt: om retten til å seie si meining heilt fritt utan å risikere fengsling. Om retten til å kunne organisere seg. Om retten til å kunne samles i større grupper utan å mistenkes for å arbeide mot styresmaktene. Om høvet til å kunne kjenne seg trygg på sine omgjevnader, utan frykt for at den som er eins beste venn brått skal vere angivar - eller, enda verre, brått utføre ugjerninger mot deg. Det høyres kanskje ut som ei historie frå 1984, men det er røynddomen, også her i Europa.

Venninna mi fortalde ei historie om ei ung jente ho kjende, som etter eit besøk av si beste venninne var funne daud på golvet. Ho døydde av forgifting. Bestevenninna hadde nemleg fått ein telefon frå ein mann som melde at dersom ho ikkje gjorde som han sa, og tok livet av si beste venninne, skulle han personleg drepe familien hennar. Redsla gjorde henne til drapskvinne.


Demokratiet inneber ein tryggheit vi tek for gitt, og det kan vere farleg, fordi det gjer at vi gløymer at vi må kjempe for demokratiet.

Kampen for demokratiet er ein kamp vi må kjempe kvar einaste dag.


Og eit lite PS: Veka etter at eg var i Kviterussland, trefte min kompis Hans att somme av våre felles kviterussiske venner. Han har skildra møtet med ei av dei på sin blogg.

Valutakrise!



Eg skulle gjere eit forsøk på å bestille hotellrom i Reykjavik. Sidan det tross alt ikkje er eg som eigentleg skal betale gildet (eg skal berre legge ut for det), er det ein fordel at vi ikkje ender opp med å betale i dyre dommer. Så eg sjekker ut Islands offisielle heimeside for å finne eit eigna hotell. Og her er det problemet oppstår: medan prisane på nokre er oppgitt i Euro, står dei fleste i islanske Kroner. Og det hadde vore vel og bra det, hadde det ikkje vore for at det faktisk ikkje er mogleg å oppdrive ein dugande valutakalkulator - eller i alle fall ikkje ein som er villig til å oppgi kva dei vil ha som vekslingskurs. DnBNor Markets valutakalkulator (som er den valutakalkulatoren dei fleste norske tar utgangspunkt i), oppgir til og med følgande feilmelding: "Banken handler ikke det valutaslaget.". Så det så.

Om nokon der ute tilfeldigvis veit kva korrekt vekslingskurs ville blitt - meld til meg. For det er jo kjekt å vite kor mykje ting faktisk koster FØR ein bestiller dei...

søndag, april 19, 2009

Aldri over..



Eg har fått denne songen heilt på hjernen - den syng og syng og syng og syng på hjernebarken min. Vil nokon vennligst overta?

lørdag, april 18, 2009

Innhenta av systemet

T-banesjåføren seier "Neste stasjon er Universitetet Blindern", og eg kjenner eg blir veldig glad. Strengt tatt er det halvanna år til det blir stasjonsnavn (dersom rektor Geir får det som han har bestilt), så nye navn på forskot gleder ein gamal UiO-pamp.

Og brått går det opp for meg kor fanga eg er av systemet. Teksten på veska her er nesten FOR sann.

Morgongretten?

Eg var ein tur på butikken i dag morges, og fekk det sedvanlige spørsmålet om kvittering. Litt forvirra kom eg på at eg hadde handla til andre, og derfor kunne gjere lurt i å ta kvitteringa med.

"Eeeh, ja, det kunne vere ein fordel", seier eg. Og innser at det er på sin plass med ei forklaring. "Eg var litt usikker, men det er jo alltid lurt å ha med seg herifrå". Ho blir dama blir svært så stram i maska, men eg tenker ikkje over det. Før eg går ut døra og innser at eg faktisk ikkje har oppklart noko som helst, men tvert imot har smurt fornærmelsen enda meir inn. Joda. Skal det vere, skal det visst vere.

Jippi! Millionær!! ....eller?



Eg fekk følgande epost i dag:

On behalf of the Trustees and Executor of the estate of Late Engr.Jochen Krьger. I once again try to notify you as my earlier letter were returned undelivered. I wish to notify you that late Engr. Jochen Krьger made you a beneficiary to his WILL. He left the sum of Thirty Million, One Hundred Thousand Dollars (USD$30, 100.000.00) to you in the Codicil and last testament to his WILL.

This may sound strange and unbelievable to you, but it is real and true. Being a widely traveled man, he must have been in contact with you in the past or simply you were nominated to him by one of his numerous friends abroad who wished you good.

Engr. Jochen Krьger until his death was a member of the Helicopter Society and the Institute of Electronic & Electrical Engineers. Please if I reach you as I am hopeful, endeavor to get back to me as soon as possible to enable me conclude my job. You are advice to contact me with my personal Email

Og eg blir jo unekteleg litt glad når ein framand mann har lyst til å gi meg masse gryn heilt utan at eg fortener det og heilt utan at eg kan minnest å ha møtt han nokon gong. Advokaten som kjem med denne gledelege overraskinga skryt av å ha "Barrister Aidan Walsh.Esq Markus Wolfgang, Mr. John Marvey Esq., Mr. Jerry Smith Esq." som "principal partners", men han presterer å ha ein epostadresse som ender på @yahoo.com.hk. Eg er generelt skeptisk til advokater med yahoo-adresse, kjenner eg.

Eg trur eg kan defineres som like mykje millionær i cyber-USD som eg var i kviterussiske rubler då eg var der (bildet over). Å gå i minibanken for å ta ut ein 800.000, kjendes ganske absurd...

Elektronisk overføring my ass!



Mobilen min tok kvelden for halvanna veke sidan, etter å ha synge på siste verset i eit halvårs tid. Det er sporadisk mogleg å få kontakt med han, dog ikkje via kabel (ergo vil den ikkje synkes til maskin). Og fordi ein ikkje får lov til å flytte telefonnummer frå telefon til simkort automatisk på den dustetelefonen, har eg hatt den store glede av å flytte 680 nummer frå telefonen til simkort og vidare til ny telefon manuelt.

Arbeidet blei gjennomført i går ettermiddag, sidan eg likevel hang på landstinget til NSU og arbeidet var særdeles mogleg å gjennomføre medan ein fulgte med i debatten. Men eg kjenner det, for å seie det mildt, i tomlane i dag...

fredag, april 17, 2009

Ei Lista, Lister.

Det finst songar for ALT her i verda. Og eg har gjenoppdaga eit av mine favorittalbum i natt, Noas "Now" frå 2002. Og eg kjende meg svært brått svært ferska av songen "Worry Doll".

For kva har eg gjort i natt? Jo, i staden for å a) skrive ferdig notatet eg må levere før eg kan sove og b) sove, har eg igrunnen surfa facebook og laga lister. Gjeremålslister, handlelister, ønskelister, potensielle bloggelister (som aldri blir blogginnlegg - så i praksis betyr det "liste over ting som er kjekke/artige/keisame/osb. å hugse") og lister over fotofiler.

Men eg har eit lite stykke igjen før eg er HEILT der Noa skriv om:


lists
i make lists
of all the things that i need to fix
of all the things that I'm not prepared for
of all the many things that i dread

lists
i make lists
of all the things i tried for, but missed
of all the things i gave up, but cared for
of all the words of love left unsaid

torsdag, april 16, 2009

Kva tid er best?


"Vi vil få et samfunn som bygger på hellige skrifter fra 600-tallet" seier Steinar Lem, og er ganske fortvila over det som brått kalles for snik-islamisering. Norsk kultur vil døy om dei 13% muslimar som bur i landet får meir makt og kjem meir til orde.

Nokon må åpenbart fortelle han at vi har eit samfunn som heilt eksplisitt er tufta på tradisjonen etter skrifter frå år 100!

torsdag, april 02, 2009

Nynorsk is a better language


I dag fekk eg eit triveleg brev frå Studentmållaget i Oslo, som ville ha meg til å byrje å verve folk til organisasjonen. Og det er ikkje måte på premiar - her kan ein få gåvekort på akademika og teater, vinne bøker og konsertbillettar og få reist på Interrail.

Dersom ein verver 12 medlemmer, loddar SmiO til og med ut "romantisk, gratis heilaften med einslege SmiO-styrelem/valfrit SmiO-medlem med 3-rettars middag på Kaffistova, kaffi og billettar til det Norske teatret for to personar". Og om ikkje det var nok, kan ein, om ein berre verver 20 medlemmer, vinne gratis barnevogn (!).

Det heitte seg i målrørsla tidlegare at nynorskfolk har betre sex, noko ein meinte å kunne finne prov på i statistikken som viste at det ikkje er nokon kommunar der kvinnene føder fleire born enn i nynorskkommunar. Nå kan det rett nok innvendast at denne statistikken korkje seier noko om sexens kvalitet eller frekvens, men berre kor gode (eller lite gode) folk er til å nytte prevensjon, men akk, vi som veit betre, veit sjølvsagt betre.

Men om eg kunne fått romantisk heilaften med eit styrelem aldri så mykje, kjenner eg eg hadde gått inn for å IKKJE verve 20 stykk..... I alle fall ikkje før etter at denne heilaftenen hadde vist seg å vere særs vellukka....

onsdag, april 01, 2009

11 mann, 24 fodballeggår?

"Firåkjue fodballeggår..." - eg blei sterkt kritisert for ikkje å forholde meg til fotballens realiteter då eg prøvde å dra igang start-sang-allsang på landsmøtet i partiet i helga. Det er visst ikkje mogleg å vere 11 mann og operere med 24 legger. Uansett.

I eit innfall av ørlite heimlengsel (også kalla heimeeksamen) fekk eg eit veldig behov for å høyre Startsangen, og eit enda større behov for å kringkaste denne.

Om ikkje anna fordi denne
a) har ein fantastisk bra tekst, ført i pennen av Alex Schjerpf
b) har ein god melodi, komponert av Rolf Løvland
c) har Annbjørg Lien på hardingfele.

Naaaaais - HEIA START!

Alder bestemmer du

I min kjære lokalavis står i dag følgande annonse på trykk:

"Seriøs mann,
57 år søker snill dame fra
Asia, alder bestemmer du,
for et varig og godt forhold.
Jeg er snill, kjærlig
og trofast, drikker ikke. Ta
kontakt med meg, tror ikke
du vil angre. Jeg bor nær
Mandal."

Og eg tenker at gid det berre hadde vore så vel! Gid eg hadde kunne bestemt meg for kor gamal eg hadde ville vore. Nå er eg riktignok ikkje asiat (så denne 57-åringen ville ikkje ha kasta eit blikk på meg), men sånn på det jamne hadde det kanskje vore ok å kunne bestemme sjølv? I tilfelle vil eg gjerne vere 23 i fire år til, kjenner eg.

onsdag, mars 25, 2009

Det er kysset det kjem an på?


For ei tid tilbake, nærare bestemt i samband med 14. februar, fann VG ut at dei skulle fortelle sine lesarar kva som skjer når ein kysser. Dei har funne ein av desse mange vitskaplege undersøkingane som viser kva som skjer når ein lar leppene møtes - kroppens kjemikalier flyt fritt og hormoner skifter eiger, kort oppsummert (og det høyrdes med eitt ikkje særleg attraktivt ut). Men det mest interessante frå artikkelen er likevel ikkje skildringene om hormonbyttene, men følgande påstand, uttala av Helen Fisher, Rutgers University:
- Romantisk kjærlighet kan vare lenge, hvis du kysser riktig person.

Interessant påstand. Det er med andre ord ikkje valget av person som er viktig og gjensidige kjensler og den pakka der som er viktig? Det er kysset det kjem an på?

tirsdag, mars 24, 2009

Eg <3 Spotify


Eg har ein fantastisk kollega som ein dag kom inn med ein invitasjon til å bli medlem i Spotify. Eg slo heldigvis til, sjølv om eg ikkje ante kva det var. Og sidan har eg vore hekta. Her ligg nesten all den beste musikken i heile verda, klar til avspilling. Masse ny musikk, masse ukjend musikk, ein bønsj gamle kjenningar.

Nett nå koser eg meg med Steinar Ofsdal og Lillebjørn Nilsens fantastiske "Live at Sioux Falls" frå 1982, som var favorittkassetten min då eg var liten (i så ettertrykkeleg grad at eg kalla opp grandtantes anneks etter Oleanna) - og som eg har klart å spille i stykker kassettbåndet på. Men kva gjer vel det, når kasetten ligg klar til avspilling på nett?

mandag, mars 23, 2009

Og kva er så politisk korrekt?

Eg plar å ha eit ganske likegyldig forhold til grand prix - eg ser på det fordi eg har ein fantastisk vennegjeng som arrangerer verdas beste grand prix fester, men mitt grand prix-engasjement stikk ikkje djupare enn til botnen av vinflaska. Men i år blir alt annleis. Eg kjenner eg gler meg til å røyste i årets internasjonale finale. Eg trur ikkje eg har røysta sidan eg var 10 og aller nådigst fekk lov til å ringe inn og røyste EI gong på Sverige. Eg røysta tre, og følte eg hadde gjort ein stor, men akk så deilig forbrytelse.

Men eg planlegg altså å røyste i år. Ein av mine absolutte favorittartistar, Noa, deltek nemlig. Noa, eller Ahinoam Nini - som ho eigentleg heiter, har drege med seg venninna Mira Awad, og saman har dei laga songen "There Must Be Another Way", og ein kan jo gjette ei gong på kva den handler om... Noa er amerikansk-israelsk jøde av yemenittisk opphav, medan Mira er kristen palestiner. Begge er dei aktive i den israelsk-palestinske fredsrørsla, og det er nok ikkje vanskeleg å gjette seg til at dei mildest tala er kontroversielle.

Noko seier meg at denne songen gjer det vanskeleg å vere politisk korrekt: for jammen er det politisk ukorrekt å røyste på Israel og å IKKJE røyste på eit freds-bidrag. Nais, nais.

Videoen ser du her:

søndag, mars 22, 2009

Min date med Mr. Magic ??


Eg fann att notatboka mi då eg rydda i går. Notatboka mi har hatt ein tendens til å vere strøtankar eller idear eller anna som "might come in handy one day" - utan at det på noko tidspunkt er definert kva dei skal brukes til. (Er vel den evige tanken om å ein dag skulle gjenoppta skrivinga som gjer det - sjølv om det er ganske lite sannsynleg at det prosjektet nokon sinne blir gjenopptatt)

Og mellom tinga eg fann der, var ei historie frå Odense for halvanna år sidan. Eg var utsending frå Oslo kommune på den nordiske storbykonferansen, og fungerte som ein perifer del av Oslodelegasjonen, eg var sånn cirka den einaste som ikkje kjende nokon i delegasjonen frå før. Til gjengjeld fekk eg svært god kontakt med folka frå Göteborg. Ei av desse lurte på kor den norske delegasjonen var, og eg svarte at eg ikkje hadde nokon aning om kor desse hadde tatt vegen - eg hadde nemlig tilbrakt ettermiddagen på ein hot date med Harry Potter i staden for å vere med på rundturen i byen som det var lagt opp til. Ho sperrer auga opp, blir heilt jente-vill i blikket og ber meg i ei fortrolig tone om å fortelle meir. Ho trur eg har møtt Mr. Magic 2007.

Alt eg hadde gjort, var å lese ferdig den siste Harry Potter-boka...

lørdag, mars 21, 2009

Å vere Norgesvenn


Metallica skal visstnok ha gitt seg ut for å vere eit usignert, norsk band på South By SouthWest i helga. Dette, kombinert med at dei held heile TO konsertar i Noreg i sommar, gjer at VG erklærer dei til (den norske) heiderserklæringa norgesvenn. Eg må ærleg innrømme at det er ein tittel eg ikkje er særleg begeistra for, for kva i huleste heiane skal det liksom innebere?

I min spede barndom fanst det berre ein sann Norgesvenn, han var til og med så stor ein venn av landet vårt at han var Norgesvenn med stor N. Han hadde hus på Hamarøy, og dukka stadig opp i fjernsynsruta på laurdagskvelden, der han viste seg frå si mest brilliante side. Huset og underhaldningsverdien gjorde at Horst Tappert var tilgitt for å vere tysk, sjølv hjå den eldre og krigshugsande garde. Den einaste andre som også kunne smykke seg med tittelen var faktisk også ein tyskar, men sidan Willy Brandt trass alt både hadde flykta frå Hitler-Tyskland til Noreg og var gift norsk (dobbelt opp), var han på mange måter meir norsk enn tysk, og derfor ikkje like mykje Norgesvenn som Derrick himself. Sidan den gong har det åpenbart gått inflasjon i omgrepet.

Eit søk på verdsveven viser godt over 14000 treff på ordet Norgesvenn. Bildesøket avgrenser seg til 2830. Lista over norgesvenner er lang, og mellom anna inneheld ho Lauryn Hill, Elton John, Katie Melua, Göran Persson og ymse BMW'er. Nett kva som skal til for å bli Norgesvenner er ikkje lett å seie, men det synes å vere nok å anten ha vore i Noreg ei gong eller å ha sagt noko fint om Noreg ved eit eller anna høve.

Og når folk som Robert Mugabe og Hugo Chavez får tittelen Norgesvenn kjenner eg at det igrunnen er på tide å la heile omgrepet døy ein svært brå død.

fredag, mars 20, 2009

F-L-A-U-T

Ungdomsrådet i Farsund vil forby andre språk enn norsk og engelsk i skolegården, melder Fevennen. Grunnen er frykta for at innvandrerungdommene baksnakker dei norske elevene. "Når en gruppe innvandrerungdom står i skolegården og roper ting på morsmålet sitt kan vi jo ikke vite om de sier noe negativt om oss" uttale ungdomsrådsleiar Merethe Djøseland. Eg kjenner det gjer vondt å lese ei slik grunngjeving, og særleg fordi forslaget i seg sjølv er så problematisk - den fornorskingslina ein tross alt har gått vekk ifrå andsynes samane fordi det er semje om at den er uetisk, vil dei gjeninnføre.

Dersom kommunen hadde lagt ned forbod mot andre språk enn norsk i Farsundsskolen, hadde dei faktisk også bidrege til å potensielt sette integreringa mange hakk tilbake. Ikkje berre fordi det er eit stort potensiale for polarisering mellom ungdom med innvandrerbakgrunn som brått ikkje får høve til å snakke sitt eige språk og resten av ungdommene, men primært fordi det kan bidra til at desse ungdommane faktisk lærer seg dårlegare norsk - stikk i strid med kva ungdomsrådet truleg legg til grunn. Di fleire språk ein lærer, di betre blir ein i språk - men føresetnaden er at ein faktisk kan sitt eige språk godt. Dei som ikkje evner å tenke abstrakt på sitt eige språk, kan heller ikkje gjere det på andre språk. Å innføre ei "eittspråksline" medfører med andre ord ei språkleg forvitring.

torsdag, mars 19, 2009

Hysterisk

Eg sit på lesesalen og skal liksom skrive ferdig ein kommentar på eit refleksjonsnotat. Men i staden jobber eg HARDT for å unngå å bryte ut i latter, takk vere desse karane:



(Og nei, ingen fare for at nokon skal måtte sjekke under sofaen med det første!)

mandag, mars 02, 2009

Mot vår?!

Eg forlot eit Lista der våren hadde meldt sin ankomst, med krokus i blomstring og vipesang, sette meg på nattoget og vakna opp i eit Oslo der snøen lava ned. Det kjendes igrunnen som om årstidene hadde byrja gå baklengs, og eg var brått fyld med ein ekstrem heimlengsel - enda det var under eit halvt døgn sidan eg forlot heimen.

søndag, mars 01, 2009

Kjærkommen revolusjon

Eg er heime på Lista denne helga. I går var det 93-årsdag for bestemor, og i dag fant tante ut at det var ein idé å dra med folket til kyrkje. Skjønt, folket blei redusert til meg og mamma.

Og på ein heilt vanleg søndagsgudsteneste var eg den nest yngste til stades - den yngste var 6 år og utstyrt med Nintendo DS for å sitte stille. (Det er åpenbart ganske store skilnader frå då eg var like gamal: tante pleide trive Sakkeus-boka som stod bakerst i lokalet, og så sat eg sysselsatt med å prøve å tyde skrifta fram til eg skulle heim..).Totalt var vi kanskje 70 stykker til kyrkjes, og i ei kyrkje som har 1200 sitteplasser, ser det påfallande skrint ut. Joda.

Men medan eg prøvde å la vere å le då presten fortalte om frelseren som kom på besøk til den fastande Jesus (det stod nok "fristeren" i manuset hans), byrja eg å reflektere over kor naudsynt det er at den varsla Gudstenestereformen ikkje berre kjem på plass, men også kjem med tiltak som fungerer, og som tek på alvor den store andelen av kyrkjelydsmedlemmene har andre ting å ta seg til enn å komme seg til kyrkjes søndag morgon klokka 11.

onsdag, februar 25, 2009

Akkurat nå kjem eg korkje inn på nettbanken min eller på nettbanken til ein av desse organisasjonane eg passer på. Og her eg sit og skulle ha overført gryn både til dei som vil ha husleiga vår og til folk som skulle fått refundert utlegga sine for lenge sidan (men som ikkje har fått dei fordi vi ikkje har fått pengane frå sentralt) og kjenner eg blir ganske irritert. I eit halvt sekund tek eg meg sjølv i å ynskje at vi kunne sleppe denne hersens teknologien som aldri funker like vel.

Inntil det gjekk opp for meg at det innebar å betale rekninger over skranke.

tirsdag, februar 24, 2009

Lær språk med Google?!

Eg har fått vanvittig sansen for Google Translate. Mellom anna har eg brått fått eit verktøy for å forstå mine finske venners hyppige statusoppdateringer på Facebook. Der eg tidlegare berre måtte konstatere ein interessant bokstavkombinasjon i mi venninnes utsagn "loman tarpeessa, mut vielä neljä viikkoa pitää kestää...", veit eg nå at det direkte omsett skal bety "trenger en ferie, men fire uker bør ta ...". Og så er det jo berre å tolke i veg. Samme venninna mi "prøver å få noen følelse av kämppään men dårlig suksess", forøvrig. Kva nå enn det måtte bety.

Og eg måtte berre teste for å finne ut kor mykje rumensk eg faktisk forstod. Eg har nemlig innbilt meg at eg kunne forstå ganske mykje, takk vere Kristiansand Katedralskoles grunnopplæring i både spansk og italiensk. (Og ja, eg VEIT det er feil link, men fordi eg ikkje liker samanslåinga med Gimle, held eg meg til dei gamle heimesidene!).

Og kva har eg lært?
Vel, at min rumensk-språklege kompis nok ikkje var forelska i ei "Lene" då han opplyste sine Facebookvenner om at han "este dominat total de lene". Derimot har han brått litt doven. "Lene" betyr nemlig "Dovenskap" på rumensk. Og denne dovenskapen dominerer han etter eige utsagn totalt. Sidan han fram til dette punktet var ein av dei mest energiske personane eg kjenner, er det nesten så eg angrer på å ha stifta bekjentskap med dette fantastiske verktøyet - som altså stel alle illusjonar eg måtte ha om kva som eigentleg står i folks statusoppdateringer.

søndag, februar 22, 2009

Gamle helter om igjen

Eg fekk heilt dilla på eit nederlandsk band for halvanna år sidan. Då eg i fjor "budde" på Villa Eika, gjekk stadig på høgtalarane og i hodetelefonane. Etter at eg gjekk over i pampenes rekker og blei "sivil", har eg igrunnen ikkje høyrd på dei i det heile. Inntil eg tilfeldigvis skulle sjekke ut noko på MySpace i stad, og brått fekk det for meg at eg måtte sjekke ut om denne fantastiske gruppa hadde funne på noko nytt. Det hadde dei (dessverre) ikkje, men eg konkluderte med at musikken funka like godt nå som han gjorde då. Racoon er rett og slett bare veldig bra!

Her er forresten songen som gjorde meg hekta i si tid - og som nok er grunnen til at eg ikkje kjem til å slutte å stikke innom sida deira med det første...

Kviterussland over alt



Eg fekk melding i går om at eg har fått visum til Kviterussland. Reiser dit i midten av mars for å besøke ei venninne, og er sjølvsagt veldig godt nøgd med å ha blitt innvilga visum. Eg gler meg som ein unge! :)

Og kanskje er det for å markere mitt godkjente visum at verda rundt meg brått er svært Kviterusslandorientert? For Alexander Rybak vann den norske MGP-finalen, og kor er han fødd? Jo, i Kviterussland. Og då eg skulle søke opp meir informasjon om Marc Chagall for jobb, viste det seg brått at han på ingen måte heitte Marc Chagall - men derimot Mojsja Zakharavitsj Sjahalaw, på (kvite-) russisk Мойша Захаравіч Шагалаў. Fordi også han eigentleg var kviterussar.

Eg rekner dette for berre å stadfeste at eg har ein grunn til å begynne å glede meg veldig. Det er bare (litt for) mykje kvardag først..

lørdag, februar 21, 2009

Tariq, min Tariq

Joda, eg SKULLE legge meg. Men så kom eg plutseleg på at eg ikkje hadde lese intervjuet med Tariq Ramadan som Morgonbladet gjorde då eg blei starstruck. Så då måtte eg jo søke det opp først.. Og riktignok var intervjuet enda betre live enn det er på prent, men stemninga og dialogen er absolutt til stades i skriftleg form også, sjølv om det er sterkt forkorta. Og eg seier berre: for ein mann!

Eit visdomsord i natta


Eg skulle liksom sove nå. Men etter å ha sove meg gjennom store delar av dagen (eg er sjuk - igjen!), er eg liksom ikkje så trøytt som eg burde vere klokka to om natta. Så eg driv epost-arkivering og sletting i staden.

I ein av desse epostane som skulle slettes, stod det nokre fine ord som eg kjende eit visst behov for å dele med eventuelle blogglesarar. Som eit ord i natta, eller noko slikt.

Life isn't about how to survive the storm, but how to dance in the rain.

God dans, og god natt!

Eg skal SÅ hit


Eg skal SÅ til Florida på ferie. Og medan Josh skal til Disneyland, skal eg til det Heilage Land. Liksom. For finst det noko meir kitsjy og amerikansk enn å lage ein fornøyelsespark ut av Bibelfortellingene, og blande alt i ei stor smørje - og plassere det i Orlando? I don't think so. Men Holy Land Experience, here I come. Probably later than sooner.