torsdag, januar 29, 2009

Når bitene faller på plass


Eg har vore veldig i tvil om korleis eg skal gripe an masteroppgaven min. Har gått mange ulike runder, vald og vald bort, begynt og avslutta - og endra tema igjen og igjen.

Men i går hadde eg ein 4 minutt lang samtale med forelesaren min. Og brått falt brikkene på plass. Eg har ikkje tenkt å avsløre heilt kva eg skal forske på og skrive om, men kan avsløre følgande:
1. Oppgaven skal handle om islam
2. Oppgaven skal handle om albanarar
3. Oppgaven skal ha meir enn ei bok av Tariq Ramadan på litteraturlista.

Så veit de det, liksom.

onsdag, januar 28, 2009

Framsteg for kyrkja!



Silje Kristine Meisal
blei ordinert til prest for ei vekes tid sidan, og har nå skapt bruduljer. Fordi ho ikkje har gifta seg. Ho bur i lag med far til sonen sin, men det er ikkje godt nok. Det er ikkje forpliktande nok for kyrkja. For kyrkja er ekteskapet det einaste saliggjerande for heterofile relasjonar.

Eg meiner kyrkja gjer seg sjølv ein bjørneteneste ved å ikkje anerkjenne sambuarskap. Ein ting er at ein då ikkje er i takt med den tida ein forheld seg til, men det er ikkje det viktigaste . Det at ein forfekter at det ikkje skal vere tillatt med ei mellomfase mellom kjæresteri og ekteskap, kan føre til ein høgare skilsmissestatistikk.

Eg er på grensa til å meine at sambuarskap tvert imot burde vore obligatorisk for alle som vurderer å gifte seg. Ein blir kjend med partnaren på eit anna vis enn ved "vanleg kjæresteri", samstundes som det er mindre vanskeleg å gå kvar til sitt om det skulle vise seg at ein ikkje passer i hop likevel.

For kyrkja er dette sjølvsagt problematisk blant anna fordi anerkjenning av sambuarskapet vil vere anerkjenning av at seksuelle relasjonar går føre seg utanfor ekteskapets rammer. Og ja, sjølv om det er tenkeleg at nokon vel å vente med sex til dei er gift også om dei bur i lag, er sannsynlegdomen stor for at kyrkja har rett i akkurat det. Men nå er det eit mindretal som faktisk "knip igjen" til dei er godt gift. Er det ikkje på tide at kyrkja anerkjenner dei erfaringene menneska tar med seg på vegen?

Så kan ein virkeleg diskutere kor lenge det er greitt at folk bur i lag utan å gifte seg. Eg har ikkje tenkt å komme med eit bestemt antall år, men personleg meiner eg prinsipielt at a) har ein vore sambuar ei lang stund, bør ein inngå eit meir forpliktande ekteskap, men b) eg har ingenting med kva val folk gjer for sine liv. B teller sjølvsagt meir enn min moraliserande a.

Under dagens diskusjon på fakultetet, kom det fram at det er ganske mange tidlegare TF-studentar som har blitt "tvangsgifta" før ordinering, fordi dei har vore sambuarar, og fleire av dei som snart skal ut i presteteneste er i same situasjon.

Heldigvis finst det krefter også innan kyrkja som tar til motmæle mot kyrkjas eigne reglar - t.d. leiar i Forbundet, Torkil Hvidsten. Hans glitrande motsvar kan ein lese her, og det anbefales.

Eit framsteg for kyrkja

Silje Kristin Meisal blei ordinert til prest i Hamarøy for ei vekes tid sidan, og har i dag skapt store overskrifter - kyrkja har nemlig bestemt at måten ho lev på ikkje går overeins med det å jobbe som prest. Ho lev i lag med sin kjære og deira felles barn - men dei har ikkje gifta seg. At ho er heterofilt sambuande gjer ho per definisjon uegna som prest i følge kyrkjelege lover.

Kyrkja burde anerkjent sambuarskapet for lenge sidan, også mellom eigne tilsette. Ein ting er å skulle vere i takt med den tida vi lev i, og dei gjeldande normene i samtida. Men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at kyrkja ikkje tillet eigne tilsette å følge sitt eige tempo og eige "modningsnivå". Det er eit levande paradoks at Kyrkja, i kampen for det dei definerar som "det gode samliv" har drive omfattande "tvangsgifte".

Eg studerar sjølv på Det teologiske fakultetet, og fleire av mine medstudentar studerer til prest - og bur i sambuarskap. Og normen har heile vegen vore at dersom dei skal ordineres etter endt praktikum, ja, då må dei gifte seg. Problemet er at det ikkje alltid er slik at folk er på eit stadie der dei er klare for å gifte seg, om dei bur i lag aldri så mykje. Ofte kan sambuarskapet vere ein måte å finne ut korvidt ein kan passe i lag (fordi ein blir kjend med folk på ein heilt annan måte av å dele tak med dei, spør einkvar som har flytta inn i kollektiv i lag med venner!), og det har den fordelen at ein på ein enkel måte, utan å involvere eit stort juridisk apparat, kan gå kvar til sitt om ein kjem til at ein ikkje fungerer.

Det er ikkje til å komme frå at kyrkjas samlivsstyring av eigne tilsette har ført til at somme har gifta seg før dei sjølv har vore klar for det, og det finst fleire døme på prestar som eksplisitt har sagt at grunnen til at dei i dag er skilde, er at dei måtte gifte seg "før tida".

Men som så ofte før, handler kampen for det gode samliv ikkje alltid om samliv på generelt plan, men om sex. Fordi Kyrkja forfekter at ein ikkje skal ha seksuelt samlliv før ein er smidd i hymnens lenker, lev ho også i den trua at føresetnaden for å ha sex er å ha felles seng på felles adresse - og då er det problematisk å akseptere sambuarskap. Problemet med denne forestillinga er åpenbar: korleis skal ei kyrkje med eit slik røynddomsbilete vere relevant i vår tid, der snittalderen for første samleie er betrakteleg lågare enn snittalderen for første ekteskapsinngåelse?

Kyrkja burde i staden gå i spissen for debatten om rammene for det gode samliv. Det er samlivsetikken som burde stå i sentrum. Ved å tørre å ta den viktige debatten, kan Kyrkja også oppleves som ein relevant samfunnsaktør hjå dei som i dag ikkje kjenner seg att i samlivsstandpunktet til Kyrkja.

Så får Kyrkja heller sjå gjennom fingrene med at ikkje alle deira ordinerte er klare til å ta skrittet ut i eit forpliktande samliv "til døden skiller oss ad". Så vil ein kanskje kunne klare å sikre at det er døden, og ikkje dommaren, som blir den som ender ekteskapet?

Namnet skjemmer ingen

Mi venninne Fatima uttalte ein gong at ho var veldig glad for at det hende at også norske namn blei feilstava. Og då eg for ei tid tilbake skulle innom Stortinget, måtte eg stave namnet mitt i skranka. Først ba eg han skrive Sign hild, deretter tok eg S-i-g-n-h-i-l-d. Men "n" blei brått til "en", og det såg kanskje rart ut, for brått var det ein d inni der også. Festlig. Jammen godt han ikkje fekk med mellomnamnet mitt også. For det er ikkje sikkert han kunne Stave... :P

Når originalen slår originalen

Ganske tilfeldig oppdaga eg denne versjonen av ein av mine o store favorittsongar: Oasis' Wonderwall. Låtskriver Noel syng songen, denne gongen utan vokalistbror Liam. Og eg må ærleg innrømme at eg tykkjer denne versjonen er enda betre enn plateinnspillinga. Originalen må rett og slett sjå seg slått av denne "originale" versjonen...

Storbyen Oslo?

Under ei forelesning for ei tid tilbake blei eg sittande og fundere på forskjellane mellom norsk og svensk. Bakgrunnen var vår svenske forelesars leiting etter eit ord som kunne erstatte det svenske "by".

For medan migrasjonen frå "byen til staden" er ganske vanleg i eit urbanisert og sentralisert Sverige, vil meininga kunne oppfattes ganske annleis på norsk - og det skuldes (dessverre?) ikkje at vi har eit motsett sentraliseringsmønster.

Noko seier meg at svenskene får oppfylt alle sine fordommar mot sine "bondske" naboar i vest når vi snakkar om "Storbyen Oslo"...

mandag, januar 26, 2009

Kunsten å sove

Vekkerklokka mi ringte akkurat, som for å seie at eg burde stå opp og komme meg på jobb. Det er bare det at eg enda ikkje har komme meg i seng. Fanst ikkje trøytt - før for ein time sidan. Og då kjende eg at det var lite vits i å sove. Problemet er at eg har sove heilt heilt heilt feil i det siste, fordi eg har lagt meg seint og i tillegg vore små-sjuk. Og som vi alle veit: det er ein skummel sirkel. Så eg satser på å vere i seng sånn før 20 i morgon, og så kunne sove til 0800 på tirsdag morgon, og la det bli starten på eit nytt og våken-på-riktig-tid-liv. Det er jo lov å håpe...

lørdag, januar 24, 2009

Starstruck: Tariq Ramadan

Tariq Ramadan blei i går intervjua av MorgenbladetLitteraturhuset i Oslo. Ein særdeles taletrengt Ramadan brukte tida godt: til å forklare sine standpunkter på forholdet mellom religion og politikk, forholdet mellom islam og såkalla vestlege verdiar. Og han er krystallklar. Fantastisk krystallklar. Mante til hermeneutisk tolkning av tekster, tolke religiøse tekstar kontekstuelt. Og det er heilt umogleg å ikkje vere samd, i alle fall for dei av oss som er i overkant opptekne av hermeneutikk og interreligiøse relasjonar.

Etter intervjuet pressa Kjetil, Janne og eg oss fram for å få veksle nokre ord med han. Vi brukte våre 3 minutt med Ramadan på ein svært klisjefylt måte: vi er fans. Vi har deg på pensum. Og du er bra. Og slik meiner vi du passer i forhold til andre tekster. Takk for god teori. Og takk for at vi fikk snakke med deg. Du er best. Og så la han til at han lanserer bok i april på Pinguin, som eg lova å vere først i køen for å skaffe meg.

Etter at vår lett absurde samtale var over, sat vi alle tre med ganske skjelvande knær. Og var særdeles høge på opplevinga, for å seie det mildt. Som Kjetil så fint kom til "dette er nesten større enn å møte Jesus". Og det er ikkje mogleg å ikkje vere samd med Janne: "herregud, til å vere over 40 er han vanvittig kjekk". Men det er ikkje det han er kjekk som er hovudgrunnen til at knea mine ikkje vil slutte å skjelve - det er stemninga han skapte. Orda han sa. Og det oppriktige engasjementet som låg bak. Ein kan bare ikkje unngå å bli heilt rive med. Det er faktisk så at eg gler meg til å få unna litt arbeid her, så eg kan sette meg ned og lese "the Messenger" på nytt. (Praktisk, eg skal jo ha eksamen i det faget om eit par veker).

Han var i Oslo i høve lanseringa av boka "Europeisk Islam", som Gyldendal har funne det for godt å gi ut på norsk - 10 år etter at ho blei utgitt, og med feil oversatt tittel ("to be a european muslim"). Det var igrunnen på tide å få ho ut - det er tross alt ein moderne klassiker som er kommet ut. Ein såpass moderne klassiker at Ramadan sjølv har bevega seg vidare frå fleire av tesene han set fram. Men men. Ramadan på norsk er jo ein grunn i seg sjølv til å feire.

Hadde han vore litt meir misjonerande i si framferd, er det mogleg eg hadde vore heilt på konverteringas rand...

Film: Max Manus


Max Manus (2008)
Regi: Joachim Rønning og Espen Sandberg
I hovudrollene: Aksel Hennie, Nicolai Cleve Broch, Agnes Kittelsen, Knut Joner
Kategori: Drama
Historia i korte trekk: Ein følger Max Manus på hans ferd frå den finske vinterkrigen i 1939 via opphold i Skottland og Sverige til fredsdagene i Oslo i 1945. Saman med mellom andre Gregers Gram, Gunnar Sønsteby og Jens Christian Hauge planlegg - og gjennomfører - han sambotasjeaksjoner mot tyske mål over store delar av hovudstaden.
Anbefales: Eg har aldri vore veldig begeistra for Aksel Hennie, men her er han intet mindre enn fantastisk. Særleg det å få fram på ein truverdig måte korleis krigen speler inn på Max' psyke. Mannen må vere fødd med ekstreme porsjoner av dette som ligg i grenselandet mellom flaks og galskap. Korleis noko menneske kan gå gjennom dei prøvene Max utsettes for og kome levande ifrå det, er heilt uverkeleg for dei av oss som ikkje har opplevd krig. Sjå filmen, og kjenn krigshistoria på kroppen.
Terningkast: 6 - heilt gripe av at dette faktisk er reelle hendingar iscenesett for film..

Krisetid og gavepakker

Eg har ikkje huslån, ikkje billån. Har eit studielån, forsåvidt, men skal ikkje betale tilbake dei pengane før om nokre år. Eg er ein av dei som inntil vidare tener på høg rente (til tross for at banken min visstnok er den som har tapt mest i år). Og eg har ganske stabile inntekter, med tilsvarande stabilt forbruk.

På toppen av det heile har eg vore ganske irritert på forbruksveksten, fordi eg meiner det er feil at vi i den rike delen av verda skal ødsle bort både våre og framtidas ressursar. Derfor totte eg eigentleg det var ganske greitt då dei første meldingene om at forbruket var på veg ned kom litt før jul. (Så klarte vi interessant nok å sette ny rekord i julegavehandling også i år..)

Med andre ord: det tok ganske lang tid før eg forstod alvoret i finanskrisa. Det tok ganske lang tid før eg forstod at kollapsen i amerikanske boligbankar og den enorme nedgangen på børsen hadde innverknad på også kvardagen til Kvarmannsen. Det tok ganske lang tid før eg forstod at risikovillig kapital ikkje berre var eit spørsmål om investering i fleire aksjer og andre slike verdier som ikkje er handfaste. At det var eit behov for risikovillig kapital også i vanleg norsk industri. Og at konsekvensen av at slik kapital uteblir får direkte innverknader på livet til menneska rundt meg, naboar, familie og venner.

Særleg hardt rammes min "offisielle" heimkommune, Farsund, melder E24. Kommunens tre største bedrifter opplever alle permitteringer, kontraktsstopp - og altså mangel på risikovillig kapital. Med store ringverknader for resten av næringslivet i kommunen - pizzabakeren som ikkje får pengene for utlevert overtidsmat, skulene som risikerer å miste elevar dersom foreldrene må reise bort for å finne arbeid - og sjølvsagt butikkene som opplever at folk ikkje handler meir enn naudsynt fordi dei ikkje veit kor lenge pengane må strekke til. (Det er jo livets evige ironi, at det er i nedgangstider vi faktisk begynner å spare)

Og det heile gjer at vi er mange som venter spent på krisepakka til regjeringa. Ei pakke som forhåpentlig blir ei gavepakke til industrien, og som samstundes klarer å få fart i hjula i bygg- og anleggsbransjen og alle andre sektorar der det er naudsynt. Å få fart i økonomien igjen er viktig - fordi det betyr tryggheit i kvardagen til kvar einskild. Og det er den tryggheita vi skal sikre. Den er tusen gonger viktigare enn forbruksvekst.

fredag, januar 23, 2009

Film: Doubt



Doubt (2008)
Regi: John Patrick Shanley
I hovudrollene: Meryl Streep, Philip Seymour Hoffman, Amy Adams
Kategori: Drama
Historia i korte trekk: Abedisse Beauvier (Streep) mistenker at pateren (Hoffman) ikkje har eit ikkje heilt redeleg forhold til klosterskulens einaste svarte elev. Pateren har åpenbart teke eleven inn under sine vinger, og søster Beauvier meiner det er grunn til å vere på vakt. Ho instruerer Søster James (Adams), som er læraren til guten, til å følge forholdet med argusauger. Anklager framsettes, bevises og motbevises - eller gjer dei eigentleg det?
Anbefales: Kombinasjonen Streep og Hoffman er fantastisk. Dette er ingen lett underholdningsfilm, og historia ligg i lag på lag. Og ein er virkelig i tvil. Heile tida. Også etter at filmen er omme.
Terningkast: 5

Hurra for Arnfinn!


Som eg har skrive her ein gong tidlegare også, er det få ting som har provosert meg meir nokon gong enn å lese tekstmeldingene Arnfinn Nordbø fekk frå venner og familie då han stod fram og fortalde kven han var. Å lese meldinger som seier at han for dei ikkje lenger finst, var for meg mykje verre enn påstandene om at han i det hinsidige ville råtne i helvete. Når folk som stod han nær plutseleg stengte han ute av livet sitt, lot som om han ikkje lenger fanst. Fordi han hadde gjort det utilgjevelege å ikkje lenger fornekte at han var homofil.

Og det er få ting som har gitt meg større glede enn å åpne Fevennen si heimeside og sjå at dei hadde brukt masse spalteplass på å ta debatten om korvidt handlinger som dei Arnfinn har blitt utsett for, kunne funne stad på Sørlandet (svaret er åpenbart ja) - og ikkje minst: er dette ei handling vi kan tolerere (svaret burde vore like åpenbart nei).

Ei kåring eg aldri har brydd meg om, er Gaysirs kåring av Homotoppen. Fram til i år. Arnfinn på førsteplass - særdeles fortent. Han er og blir ein helt...

(Eg bit meg forøvrig merke i at det ikkje er anna enn menn på denne toppen - som sånn eigentleg burde vore overflødig. Men sidan dei i tillegg har plassert Ole Henrik på lista, kjenner eg det er heilt greitt. :)

lørdag, januar 17, 2009

Time to make a change

"Min" regionalavis, Fædrelandsvennen, melder i dagens nettutgave at det israelske bilaget til årets Eurovision møter sterk kritikk, og av somme blir ansett for å vere ein del av eit propagandamaskineri: duoen som skal framføre låta, Ahinoam Nini (også kjent som Noa) og Mira Awad skal etter planen framføre ein song der fredsbodskapen er svært sentral. Det i seg sjølv hadde kanskje ikkje vore så kontroversielt i desse krigstider - hadde det ikkje vore for at Noa er (amerikansk- israelsk) jøde, Mira er palestinar. Desse damene har samarbeida i lange tider, og har lenge arbeidd i lag for å skape både fred, forsoning og forståing, slik eg har skrive om her, og som ein kan sjå her:



Men i desse krigstider er dette mildest talt kontroversielt, forståeleg. Men eg vil jo nesten tru det mest kontroversielle nesten er AT dette er bidraget?

----
Dagens song: Time to Make a Change. Maria Mohn

Stolt Signhild


Då eg var liten, var eg ganske pisst på at det stadig heitte at i namnebøkene at Signhild "er et nyere sammensatt navn". For det stemmer ikkje spesielt godt med røynda. Eg har vakse opp med folkevisa om Stolt Signhild, ei folkevise som går attende til 1500-talet - som handler om ei kvinne som ikkje berre har bein i nasa, ho slær mannfolka ned i støvleskafta (bokstaveleg tala til og med).

Og i dag oppdaga eg ganske tilfeldig i dag at namnet mitt ikkje berre er brukt til ei av dei kulaste kvinneskikkelsene frå mellomalderen, det finst jaggu ei Sankta Signhild. Ho er avbilda på eit Ålandsk frimerke, og der ser ho slik ut:

Det ligg ei ganske artig legende bak denne helgenen, sjølvsagt. Og her fann eg denne kortfatta utgaven av teksten - som igrunnen er ganske kul.

Legenden säger att Signhild var en engelsk prinsessa som fick veta att hon måste gifta sig med en norsk prins. Tillsammans med sin nattvardsfader, sina tjänarinnor och sin älskade häst seglade hon så mot Norge. När hon kom fram fann hon att prinsen var död. Istället bestämde sig Signhild för att förkunna Vite Krist till folket uppe i norr. Signhilds skepp led ett svårt skeppsbrott i en ruggig storm och hamnade på Åland. Många dog, men på något sätt lyckades Signhild ta sig iland på Isaksö i Geta. Hon red iland på sin vackra häst och stället där den mytomspunna Sankta Signhild red i land finns kvar än idag och kallas Drottningkleven.

Frå før har eg fått med meg, av alle ting takk vere Bokklubbens omsetting av Sverres Kongesagaer, at det ved Gamle Sigtuna utanfor Uppsala ligg eit fjell som heiter Signhildsberg. Det viser seg å vere av nyare dato, og har sitt opphav i historia som er illustrert på det øvste biletet. Historia anbefales - og kan lesast her.

Kjære Signhild - vi skal på tur! Og eg trur jaggu vi skal utvide reisemålet frå "berre" Uppsala til også å fare til Åland.


---
Dagens song: Stolt Signhild. T.d. i Jenny Mortensens Trios versjon.

Så definitivt ikke min dag...

...om to sekunder setter sikkert et vennlig sinn i gang en sirkelsag...

Det er igrunnen sånn det føles i dag. Først forsov eg meg, så var det berre å springe til banen - og mista akkurat den som gjekk. Berre for å oppdage at den eg hadde tenkt å ta, ikkje gjekk då den skulle. Då det så kom ein ny bane, klarte eg å sitte på forbi Stortinget stasjon - så eg måtte av på Jernbanetorget og ta toget tilbake. Vi har eit møtelokale der det ikkje er fleire plasser ved bord, noko som igrunnen er litt irriterande. Men men, shit happens, og det er bare å gjere det beste ut av det.



---
Dagens ord: Møkkamann. DumDum Boys. Sus

torsdag, januar 15, 2009

Jag vil leva, jag vill dö i Norden!


Eg kjenner meg for tida veldig nordisk, av ulike grunner. At eg brått skal farte Norden rundt dei komande vekene, har sjølvsagt litt med saken å gjere, men mest er det bare fordi eg kjenner at eg liker Norden som "institusjon". Eg liker tanken på at ein har ein del til felles her oppe i det høge nord, noko som er meir enn berre godt naboskap.

Eg har hatt eit problem: den nordiske felles språkforståinga er ikkje som ho var. Og ein kan kreve at det skal vere "skandinavisk språk" som arbeidsspråk innad i det nordiske samarbeidet så mykje ein berre vil når det berre er dei med skandinavisk tungemål som forstår kvarandre - og knapt nok det. For så lenge islendingane har fjerna dansk som første framandspråk og finskspråklege finnar ikkje ser nytten av å kunne svensk, og derfor nedprioriterer dette som språk i skulen, har ein klart å føre nasjonale politikkar som får store konsekvensar for det nordiske samarbeidet, trass i elles mange likskaper mellom landa.

Betre blir det sjølvsagt ikkje av at våre svenske og danske naboar har store problem med å forstå oss - og kvarandre. (I Danmark har det jamvel strekt seg så langt at ein københavnar kan ha problem med å fatte kva ein nordjyde seier - innslag frå (særleg Nord-) Jylland tekstes på dansk tv!).

Med mindre det skjer drastiske endringar, står ein altså i fare for anten å gjere det nordiske samarbeidet til ein eksklusiv klubb for folk som har ein særleg interesse for språk. Slik stoda er nå, er det to moglege utfall: anten kan ein fire på språkkravet, og tillate engelsk, slik Ungdommens Nordiske Råd har gjort (og som førte til at Nordisk Råd hastehandsama ei bevilging til tolking). Eller ein må ta tak i den nasjonale skolepolitikken, og satse på den nordiske dimensjonen. Og sjølv om eg personleg skulle ønske ein gjorde det siste, er det nok den første som er mest realistisk.

Det har blitt frykta at heile det nordiske samarbeidet vil falle i det ein firer på språkkravet. Det er sjølvsagt berre tull. Det er for mange andre ting som bind oss saman til at det er noko å frykte. Samfunnsstruktur, politisk system, tenkesett, protestantisk arv er berre nokre av tinga ein har felles om ein trekk frå språket.

Nå som svenskane stal Fredrik Skavlan, betres kanskje den svensk-norske språkforståinga. Og kanskje er det ein del å lære også for oss nordmenn?!


---
Dagens song: Du gamla du fria, Sveriges nasjonalsang

Sånn som oss


Heime hos oss har det vore storopprydding den siste tida. Eller kanskje småopprydding med store konsekvensar - slik det gjerne kjennes når ein har gått frå rom der alt flyt til rom der ting står på plass. I går blei x antall gensrar tilhøyrande min mannlege sambuar redefinert frå å vere bruksgensrar til å bli potensielle skigensrar. Og då begynte eg å fundere for alvor. For kva tid skal han liksom få brukt desse skigensrane sine?!

Eg frykter at han igrunnen har klart den kunsten eg pleier å greie - nemlig å redefinere rot til praktisk ting - og dermed ende opp med enda meir ting, og ei søppelbøtte/fretex-pose som er like tom som då ein starta rydding og bortsortering. (Som, når eg tenker etter, er grunnen til at Hanna har lagt ned veto mot å vere med på fleire flyttelass..)

Det seier meg at målet må vere å IKKJE vere sånn som oss!

--
Dagens song: Sånn som oss - Anne Grete Preus - Om igjen for første gang

Og kvar ei gong du seier vi..

Eg rett og slett berre elsker denne songen her - med unnatak av akkurat den eine lina der ho på død og liv skal gjere ei kobling til John Lennon. Men sidan Noa ellers er så bra, er ho tilgitt.

Denne songen er spesielt passande i desse dagar, og kanskje spesielt fordi Noa er israelsk jøde - og aktiv både i den israelske fredsrørsla og ein av dei israelsk-palestinske samarbeidsorganane. Eit godt førebilete, med andre ord.

Verda står kanskje ikkje til påske...

Eg blei ei gong skjelt ut av ein AP-mann fordi eg sa høgt at eg ikkje liker 1. mai. Det er sjølvsagt greitt med ein ekstra fridag ein månad som ikkje består av anna enn fridagar, men eg har gått i eitt 1.mai-tog for mykje. Sist eg gjekk i såkalla "solidaritetstog" var det heile 3 paroler (av rundt tusen, om ein tel med smått og stort) som ikkje var krav som direkte angjekk den som heldt fana. Det mest rungande slagordet var det som i mine øyrer høyrdes ut som "vi vil ha sex! Vi vil ha sex". Det viste seg at dei sa "seks" og ikkje "sex" - og slutten av slagordet var "vi vil ha sekstimers arbeidsdag". Som får meg til å tenke at desse folka ikkje gir seg før dei har full løn og ingen jobb. (Misforstå meg rett - eg er for sekstimers arbeidsdag for dei som treng det. Men det er ingen grunn til at vi alle skal ha det). Elles det vanlege: tamilske organisasjonar kjempa for fred på Sri Lanka, irakiske kravde at USA skulle ut av landet deira - og norske arbeidarorganisasjonar var igrunnen mest oppteken av å fortele kor mykje høgare løn dei skulle ha. Ting tyda på at dei ikkje hadde tenkt å gi seg før løna nærma seg perleporten i antall 0-ar før komma.

Joda, dette er frykteleg karikert. Det var faktisk nokon som kjempa for ting som ikkje direkte influerte deira kvardag - t.d. gjekk ein haug med heterofile forbundarar i tog for ny ekteskapslov, nokre Senterstudarar under den superkorte parolen "edelt er mennesket, jorden er rik. Finnes her sult og nød, skyldes det svik!" og ganske mange rundt i toget hadde palestinske flagg, for å signalisere kva side dei stod på i ei konflikt langt borte, men likevel nært.

Dessverre, for meg var mangelen på solidaritet med andre enn eigne lommebøker ganske skummel. Og sidan har eg vore mot 1. mai. Så ekstremt at eg vurderer å gjere 1. mai til ei anti-solidarisk sone - eg skal bruke dei 364 andre dagane til å vere solidarisk, medan eg akkurat den eine skal vere usolidarisk. (Skjønt, det blir aldri slik. Motstanden min mot 1. mai stikk ikkje djupt nok).

Derfor blei eg ganske så hoppande glad då eg opna nettavisen heime i dag, og oppdaga at min ordfører (i den grad eg kan seie noko sånn om ein mann eg ikkje røysta på), AP-mannen, har gått inn for søndagsopne butikkar på 1. mai. Og medan eg tenker høgt om korleis dette må oppfattast som eit slag i trynet for arbeidarrørsla, går det brått opp for meg at dette berre er ei vidareføring av "vi tenker med lommebøkene våre"-strategien ein har sett i Oslo. Berre at det nå er direkte innkomer til butikkane på torget, og skatteinnkomer som står i fokus. Dei ville aldri søkt om det ikkje hadde vore Lundevågen tilfeldigvis blir havn for eit britisk cruiseskip.

Eg er igrunnen glad eg ikkje jobber. For solidaritet eller ikkje - fridagen min får du aldri.

mandag, januar 12, 2009

Javel og javeeel

For eit par år sidan hadde eg sommarjobb på turistkontoret i Kristiansand, og stod i informasjonsboden vår på torvet. Like attmed der eg stod, stoppa det opp to gamle menn. Samtalen deira foregjekk slik (det morsomste er at det ikkje eingong er tull!):

-Javeeel!
-Javeeeeel!
-Javel?
-Javel.. Javel?
-Javel.
-Javel?
-Å... javel..
-Javel. Javel!
-Javel!

Eg reagerte ikkje særleg på samtala, sjølv om eg høyrde kvart eit ord. Reagere gjorde derimot bergensarane eg liksom skulle gi tips om kva som er verd å sjå ein vakker sommerdag i Sørlandets hovudstad. For der eg kunne lese kroppsspråk og måten gamlekarane sa ting på, var dette totalt ukjend for desse stakkarane som hadde forvilla seg til den delen av landet der ting går med litt meir nedsett tempo.

I omsetting til moderne norsk:

-Javeeel! (Neimenn, hei, er det du som er ute på desse kanter?!)
-Javeeeeel! (Neimen, hei, det var lenge sidan sist!)
-Javel? (Korleis står det til?)
-Javel.. Javel? (Joda, sånn toleg. Og med deg?)
-Javel. (Joda, det går nå)
-Javel? (korleis går det med beinet ditt? )
-Å... javel.. (nuvel, det blir liksom ikkje heilt bra, det der)
-Javel. Javel! (huff, ikkje bra. Hils kona)
-Javel! (det skal eg gjere, veit du. Ha det godt!)




Illustrasjonen viser sjølvsagt ein typisk sørlending. Han studerer eit objekt som beveger seg i akkurat passe sørlandsk tempo...

Veto?


TVen stod tilfeldig på her ein dag, og i ein av desse halvgode komiseriene som ruller over skjermen, slo ein av desse kjekke hovudpersonane (eller kanskje biperson, for alt eg veit) opp med dama si. "No. I veto you" svarte ho. Og eg innsåg at om eg nokon gong blir dumpa like rått og brutalt som ho i denne serien (eller filmen, for alt eg veit), skal eg jaggu svare akkurat det.

(Illustrasjonen har sjølvsagt fint lite med mitt eventuelle veto å gjere - bortsett frå at eg sjølvsagt skulle hatt eit slikt stempel. Bildet har eg rippa frå nettet ein stad, men eg aner ikkje kor.)

Kunsten å skjule handling med språk


Eg har, av ein eller annan grunn eg ikkje sjølv kjenner, fundert ein del på dette med korleis vi bruker språket til å skjule ting. Nå kan det vere fordi eg er sørlending - og er i stand til å oppsummere alt i to uttrykk - høvesvis "javel" (meir om det ordet på eit seinare tidspunkt) og "det går så greitt". Sistnemnde kan bety alt frå "eg har det aldeles fantastisk og eg er så lukkeleg at eg igrunnen føler eg svever" til "livet er eit reint helvete og eg vurderer sjølvmord frå eg står opp til eg legg meg". Det er måten det seies på som avslører bittelitt av kva tolkning mottakaren av uttrykket skal legge til grunn. (Skjønt, i dei fleste tilfella betyr uttrykket ikkje anna enn at "jo, det går greitt".)

Men ikkje berre i høfligheitsfraser. Også i heilt andre samtaletyper skjuler vi meininga, eller vi fordekker det vi vil seie ved å pynte på språket. I daglegtale kan ein t.d. bruke "litt" og "veldig" som eit slags antiforsterkingsord (og tidvis også som forsterking). Og eg har, som den sindige sørlending eg liker å tru eg er, "store" problem med å godta at folk faktisk omtaler kjønnsorgan og aktivitet som måtte forekomme i deira samkvem med direkte ordelag, og særleg når ein ikkje eingong seier "sex", men "pule".

lørdag, januar 10, 2009

Fanga i krigen

Etter dagar med melding om at dei norske legane er på veg ut frå Gaza, kom meldinga i dag om at Mats Gilbert (bildet) og Erik Fosse i dag må bli på Gazaubestemt tid. Dei har gjort ein aldesles fantastisk innsats for å redde menneskeliv under heilt håplause forhold - i alle tydingar av ordet håplaus. Ein kan seie kva ein vil om deira politiske overtyding, men det kan på ingen måte overskygge den innsatsen dei har lagt ned midt i krigen.

Og samstundes lar eg meg provosere ganske kraftig av opphausinga av dei norske legane. Frå tid til annan høyres det ut som om det er det at dei er norske som gjer dei spesielle, og at det faktum at dei er norske gjer at dei er viktigare enn sine palestinske kollegar. Stoda på sjukehusa er traumatiserande, det er død og avkutta lemmar og totalt umenneskelege forhold på alle vis, og det skal ikkje undergravast. Alle legane på sjukehusa er utslitte, totalt utslitte. Men medan dei norske legane skal ut av Gaza, må deira palestinske kollegar bli. Medan dei norske legane skal reise heim til vår ekstreme overflod, sit deira palestinske kollegar utan mat i heimen. Og truleg med ei enorm redsle for at ektefelle, barn, foreldre, søsken, nære slektninger og venner svelt i hel. Med mindre det kjem ein israelsk rakett først.

Eit alt for godt vitnesbyrd om stoda i Gaza, er brevet Marthe Gerhardsen frå CARE las opp i sin appell til fakkeltoget for to dagar sidan. Eg stod på Youngstorget og græt då dette blei lese opp. Fordi ein blir så avmektig. Og skulle så gjerne sendt dei både mat og vatn og straum.

fredag, januar 09, 2009

Totalt uakseptabelt!


Vi var i alle fall 10.000 som gjekk i fakkeltog i kveld. Fakkeltog for å minnes, fakkeltog for å vise at håpet lev. Og lystenning for nettopp å tenne eit håp om fred. Toget gjekk rolig framover, og det kjendes både trygt og godt å gå der (sjølv for meg som eigentleg ikkje liker faklar).

Då vi hadde komme til togets endestasjon på Rådhusplassen, gjekk vi opp Haakon 7.s gate, i von om å finne ein varm kafé vi kunne søke tilflukt i. Og plutseleg havna vi i ein gjeng unge guter, somme av dei maskerte. Plutseleg spring den eine mot oss, plasserer eit fyrverkeribatteri under bensintanken på ein parkert bil. Alle instinktene i meg ropte at eg skulle springe bort og dra batteriet ut, for å begrense den uskyldige tredjepart sine skader på bilen (og nok også ei viss frykt for at det skulle få fyr på bensintanken med tilhøyrande eksplosjoner på både denne og nabobilar). Heldigvis var overlevelsesinstinktet sterkare, og eg la på sprang motsatt vei, rett nok med hovudet vendt mot fyrverkeriet.

Då panikken og skremselen hadde lagt seg, var eg bare sint. Opprørt. Forbanna. På dei som har misbrukt høvet til å demonstrere for fred med "demonstrasjonar" som tar krigens virkemidler i bruk - ved vald, skremsel, øydeleggingar og raseringar. For kven er det dei demonstrerer mot? Kven er målet for øydeleggingane? Av ein eller annan merkeleg grunn har dei vald det norske politiet, og heilt uskuldige tredjeparter, vi som tilfeldigvis går forbi, eller dei som tilfeldigvis eig lokaler i Oslo sentrum.

Etter vårt ublide møte med bilfyrverkeriet, havna vi på Hard Rock Café. Som etter ei lita tid var tåkelagt av tåregass som kom sigande inn frå gata. Eg kjenner framleis at det klør i auger og hals. Då hadde tåka allereie ligge tjukk over Karl Johan mellom Egertorget og nokre kvartaler ned mot Oslo S ei lang tid. (Såpass tjukk at då vi skulle gå frå kontoret på Egertorget til Youngstorget, var vi heilt nøytt til å gå bakgatene, det var ikkje høve til å puste på Karl Johan!)

På vegen tilbake til kontoret frå Hard Rock, såg Karl Johan ut som ein krigssti. Kampene var over, men det var nesten ikkje eit vindusglass som var heilt. (Takk og lov for 24/7-glassmestre, tenkte eg..). Glass og steiner låg over alt. Vinduet på bildet (tatt med mitt dårlige mobilkamera) er frå Freiabutikken, og viser ein av dei heilt vanvittige og totalt unødvendige øydeleggingane som er på Karl Johan i kveld.

torsdag, januar 08, 2009

En god start på dagen!

Dette høyres sikkert veldig rart ut for alle som er vande med å drive med sånne ting, men eg har gjort ein ganske god oppdagelse. Med mitt noko anstrengte forhold til mat (eller ikkje maten som sådan, men det er så keisamt å ete), har eg svært brått og uventa oppdaga gleden av å ete frokost. Eg har riktignok måtte inngå eit kompromiss med meg sjølv, og et frukost frå matpakke i det dagens gjeremål er i gang (då blir det mindre keisamt, for då er andre ting i fokus), men det funker. Og det er nesten skummelt kor godt det er - sånn etterpå, når maten er fortært, sjølvsagt.

tirsdag, januar 06, 2009

13. dag jul

Eg var SÅ glad for at det er 13. dag jul i dag, og alle ting som kunne minne om jul skulle ut av huset. Men så fann ein av mine sambuarar ut at julepynten skulle vere til 20. dag jul. Ergo må eg leve med pynten i ei veke til..

Og det fekk meg til å innsjå at eg har eit anstrengt forhold til julepynt. Eg ELSKAR alt lyset som kjem fram til advent, og skulle gjerne hatt advensstaken framme til det var vårlys på utsida av glaset, men resten - julekulene, nissene og alt det der, det skal bort så fort som råd er.

Jaggu er det godt at julepynten her i huset ikkje er meir enn ei trollhasselgrein med overflod av julekuler. Hadde det vore meir enn som så...

mandag, januar 05, 2009

25årskrise?



Eg har brått innsett at eg har havna i 25-årskrisa. Ikkje den normale 25-års krisa som gjerne skildres i psykologiske tidsskrifter, men ei høgst ureglementær ei. Eg har brått frykteleg lyst til å gjere ting eg ikkje kan, eller ikkje liker.

I dag har eg hatt fryktelig lyst til å spele gitar og piano (gitaren ligg heime hos mamma og pappa, framleis ustemt og med to strenger for lite - slik han har gjort dei siste ti åra), til å snakke flytande fransk og bosnisk (!), kunne bruke photoshop og andre artige dataprogram eg aldri har hatt gidd til å prøve meg fram med og slike ting.

Og då eg sat og såg gjennom bileta ein slektning har lasta opp på Facebook, fekk eg noko så inni granskauen lyst til å gå på ski. Skiskoa står 2 meter frå meg, men ski, jo, dei står i garasjen, nett slik dei har gjort sidan eg flytta heimefrå. Fordi eg tross alt aldri har likt å gå på ski.

torsdag, januar 01, 2009

Det er deilig å vere xxx i Danmark?


Joda. Det er ganske greit å vere norsk i Københamn. Men noko av det aller første vi traff her i byen, var denne klistrelappen som var plassert på skeiva i eit busskur. Rett nok er delar av lappen forsøkt øydelagt, men det er jo ikkje veldig vanskeleg å lese.

Og mens eg gremmes ein del over politikken som føres i dette yndige land som så åpenbart skulle stått der med bredare murar, lurer eg veldig korleis det hadde vore å møte dette skiltet med ein annan hudfarge. For sjølvsagt er det deilig å vere norsk i Danmark, men eg er ikkje heilt sikker på om det er like kult å vere av pakistansk opprinnelse her i landet, om ein snakker aldri så reint dansk.

Forsetter for 2009


Inspirert av Linn, og full av ein viss redsle for at eg brått skulle gløyme dei så fort kvardagen tar til igjen, fann eg ut at det var på sin plass å skrive opp mine forsetter for 2009. Etter cirka 4 sekunds grubling kom eg til at eg, ved å publisere dei her, faktisk risikerer at folk les dei - noko som sjølvsagt gir eit lite spark i ræva for å få gjort det som trengs.

I 2009 skal eg legge om kursen, i små men likevel ganske store steg:
*Begynne å ete, særleg frokost og lunsj. Eg er nemlig verdensmeister i å gløyme å ete, og det må det bli slutt på!
*Trene, trene, trene. Særleg med lange dager på lesesalen er det heilt naudsynt
*Bli ein flinkere student. Som strengt tatt betyr å få unna obligatoriske ting tidleg, og få lese meg opp før forelesninger.
*Kutte drastisk ned i antall verv. Eg har ikkje tenkt å avsløre kva for nokon eg kjem til å halde på og ikkje ennå, men eg kan love at det ikkje lenger skal vere mogleg å overtale meg på nachspiel kvelden før, eller at eg skal stille til verv i siste sekund berre for at plassen skal bli fylt.
*Ta fri. Alle som kjenner meg, veit kor dårleg eg er til å ta heilt fri. Alle "frikvelder" har blitt brukt opp til å gjere unna ting for å nærme meg á jour. Men 2009 skal bli året der eg lærer meg å ta fri. Heilt fri.

Og når eg ser gjennom denne lista, kjenner eg eg er sjeleglad for at eg ikkje røyker, og derfor ikkje treng love å slutte med det! :)

GODT NYTT ÅR!


Godt nytt år! Håper det nye året bringer med seg mykje godt!

Her hikkes det champagne og vin etter ei fantastisk artig nyttårsfeiring i B13 mens vi høyrer på the Killers og veldig snart er i ferd med å pakke til København. Vi reiser i morgon formiddag, og trosser både kuldegrader og lillesøsters horoskopopplesning, som melde frå at krepser ikkje burde reise i 2009.