lørdag, oktober 30, 2010

Fram og tilbake er (nesten) dobbelt så dyrt

Dette innlegget er også publisert på LNU-bloggen, men atter ei gong kjende eg det kunne vere ok å dobbeltpublisere.

Torsdag og fredag har konferansen «Youth – Voice of the Future» funne stad her i Reykjavik. Eg har teke del i den som LNUs representant i Nordisk Barne- og Ungdomskomite (NORDBUK), sidan eg skulle til Reykjavik denne helga likevel. Konferansen finn stad her fordi den første allnordiske ungdomsundersøkinga nokon sinne blei lansert på torsdag. Denne undersøkinga er iverksett under islandsk formannsskap i Nordisk Ministerråd i fjor, og derfor er det akkurat her den lanseres. Videregåendeelever i 5 land og 3 sjølstyreområder har tatt del i undersøkelsen, og når eg berre får sett nærare på den, lover eg å komme tilbake med «highlights».


Men altså. Konferanse betyr fin middag. I dette tilfellet tilbaud dei også seightseeing mellom konferanse og middag, men eg prioriterte i staden å vere jakkeshoppingskonsulent for den svenske ungdomsrepresentanten i NORDBUK. Etter x antall prøvde jakker (men framleis ingen handleposer) fann vi ut at det ville vere på tide å kaste seg ut i ein taxi til restauranten. Mikael hadde namnet på plassen i jakkelomma. «Yupp, I know where that is» sa taxisjåføren, «men det er godt og vel 20 minutt dit. Men dei har god mat, då!». Vi hadde fått inntrykk av at middagen skulle vere i sentrum av Reykjavik, så vi syntes jo det var litt pussig. Men pytt. Kjør på.


Då gatelysene langs vegen forsvann, sende eg ei melding til ein av organisatorane for å høyre om vi virkelig skulle langt utpå landet. Ingen svar.


Etter langt og lenger enn langt, kom vi omsider til restauranten. Taksameteret kunne då fortelle at rekninga var på 9000 kroner. Islandske sådan. Men fair enough, det koster å vere kar.


Men vent. Noko virker gale. For denne restauranten langt ute i ingenmannsland ser like øde ut som landskapet rundt. Ingen lys. Sjåføren skrur på fjernlysene, og avslører eit kjøkken utan folk. Så vi prøver å ringe «Mr Do-not-answer», som atter ei gong lev opp til sitt nye økenamn. Kva gjer ein då? Gjennomgang av telefonlistene på mobilene våre er nødvendig, og dette gir oss eit håp:vi har eit nr til ein av dei som er på konferansen. Jón blir vår redning. «Have they changed restaurant?» «Eeeeh! Yeah. Didn't you hear»?


Sjåføren skrur av taksameteret i sympati med to bortkomne skandinavere og set kursen mot Reykjavik sentrum igjen. Han skrur det ikke på igjen før det er 11 km igjen – langt over halvveis.


Vi kjem omsider til riktig stad, og taxiregninga har klart å bli langt over femsifra i islandsk valuta – og ganske nær firesifra i norske. I det vi omsider melder vår ankomst og fortel arrangørane at vi har vore vegen om den opphavleg oppsette restauranten, er det tydelig at dei tykkjer dette er verre enn vi tykkjer det er. Det viste seg til og med at den restauranten som opprinneleg var sett opp, i mellomtida var nedlagt som følge av finanskrisa, og at ein i all hast hadde måtte omrokkere. Dei har opplyst om det i arbeidsgruppene (minus den der Mikael var), og i konferanselokalet hadde ein hengt opp lapper vi har oversett.

Moralen er; fram og tilbake er ikkje bare dobbelt så langt, det er i tillegg ganske dyrt. I det minste fekk vi ei god historie ut av det. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

onsdag, oktober 27, 2010

Visum og valkamp

Dette innlegget er også å finne på LNU-bloggen, men sidan eg rekner med at det finst folk som les min blogg som ikkje les LNU-bloggen, poster eg innlegget også her.


Lørdag til mandag hadde Det europeiske ungdomsrådet (YFJ) si arbeidsgruppe for menneskerettar sitt siste møte, og som LNUs representant i arbeidsgruppa, var eg med. Medan alle tidlegare møte har vore i Brussel, slapp vi denne gongen å vende nasa mot det haustkalde Europolis – NAYORA, Aserbadijans landsråd, inviterte oss til Baku.

Billettane blei tinga i god tid, og fordi alle arbeidsgruppemedlemmer er Schengen-borgarar, trong vi på tingingstidspunktet ikkje å ha fått visum på førehand, men kunne få dette på grensa. Men ei veke før avreise, blei det brått oppdaga at Aserbadijan har skjerpa inn reglementet sitt. Kva gjer ein då? Jo, ein byrjer sjølvsagt med å undersøke om det finst noko som helst slags høve til å få fiksa førehandsvisum. I mitt tilfelle ville det bety ein tur til Stockholm – ein tanke eg raskt slo frå meg då eg forstod at eg også måtte ha førehandsbetalt visumet, og pengeoverføringa frå min norske til deira svenske konto ville ta lenger tid enn eg hadde. Så då var det berre å slå tanken på å reise ifrå seg, igrunnen. Eg låg febersjuk i Oslo og kjende at det igrunnen var like greitt å berre bli liggande.

Men så, torsdag ettermiddag, kom ei noko overraskande melding frå Baku. Vi hadde fått visum likevel. Som det går fram av den aseriske ambassaden i Stockholm sine sider er det ganske vanskeleg å få visum i landet om dagen. Nokre få unnatak finst det, og eit klokt hovud tenkte at «hey, kva om vi gjer eit forsøk på å få ein invitasjon frå eit av unnataka?». Som sagt, så gjort. Unnatak 2 seier at visum kan utstedes «Upon official invitation of the President, Prime Minister, Speaker of Milli Majlis (Parliament), Head of Administration of the President of the Republic of Azerbaijan and Chairman of Ali Majlis (Supreme Assembly) of the Autonomous Republic of Nakhchivan;». Vel. Kanskje ikkje verdas enklaste jobb, men verd eit forsøk. Og det viste seg brått at fordi leiaren i NAYORA er ein god venn av sportsministeren i landet, som kunne gå god for at vi var bra folk sidan vi skulle besøke NAYORA, gjekk migrasjonsministeren himself med på å signere invitasjonen vår – og alle andre papir som var naudsynte for å komme oss av gårde (deriblant brev til flyselskapa om at dei kunne sende oss ombord).

Men kvifor gjere noko i utgangspunktet enkelt, vanskeleg?
At det kom nye visumregler frå 15. oktober har blitt forklart med eit ønske om å hindre korrupsjon på grensa og gjere det mogleg for alle gjester i landet å faktisk vite på førehand om dei får høve til å bli så lenge som dei måtte ønske – og ikkje risikere etter ankomst at dei ikkje får utvida visum. Og det er ikkje tvil om at det har sine fordeler med innskjerping for dei reisande sin del. Men det har vore spekulert i om det ligg ein mindre edel grunn for det: å hindre journalister og observatører tilgang til landet i samband med valet 7. november.

Oppladinga til valet er i full gang, og både på oppslagstavler og i butikkvinduer finn ein plakater som fortel kven ein bør røyste på i det føreståande valet. Skjønt, ein plakat her og ein plakat der gjer ingen valkamp, og samanlikna med alle andre land eg har vore i like før valet, er det overraskande kor lite ein merker at valkampen er inne i si nest siste veke. Men kanskje er det fordi «alle» veit kven som kjem til å vinne valet. New Azerbaijani Party, nasjonalistpartiet skipa av «landsfaderen» Heydar Aliyev og nå leia av sonen hans, president Ilham Aliyev, har sitte med makta sidan 1993, og blir kritisert for ikkje å lede landet etter dei prinsippa som kreves for at det skal kunne kalles eit demokrati. OSSE underkjente meinte at vala i både 2003 og 2007 ikkje er gyldige. Freedom House meiner landet går i feil retning, og rekner dei ikkje lenger som eit «delvis ope» demokrati.

Men meir om menneskerettar, Aserbadijan og Europeiske ungdomsrettar kjem vonleg ein annan dag – nå må eg nesten komme meg under dyna, i morgon går turen til Island og ungdomsforskningskonferanse.

mandag, oktober 04, 2010

Å bygge reir for vaksne

Ragnhild fortalde på bloggen sin for ei tid tilbake om korleis dei byggjer reir til deira nyfødde. Prinsippet er enkelt: ungen er vand med å ligge trangt før han kjem til verda, så han kjenner seg trygg om han blir "pakka inn" i vogna.

I natt fekk eg ikkje sove. Eg var iskald, og kroppen verka. Etter å ha testa ut alt frå varme drikker til ullsokker og oppvarmingsøvelser, og det framleis ikkje var varme i kroppen, samstundes som verken bare blei verre, begynte eg plutseleg å tenke på Ragnhilds reir. I mangel av barnevogn (haha) fann eg ut at om eg la reservedyna under meg, og bretta ho godt over kroppen min, og så la dyna mi med teppe over over meg, og gjorde det same, ville det kanskje få noko av den same effekten. (Tilfeldigvis havna eg også med skallen mot veggen. Det var ikkje planlagt, men det var i det minste enda meir i tråd mot reir-prinsippet.)

Eg la meg under. Fraus litt, men merkte at det hjalp godt på varmen (og etterkvart som kroppen blei varmare, gjorde det mindre vondt i magen). Og før eg visste ordet av det, sov eg. Og eg, som normalt er ein spirrevipp i søvne, har tydelegvis ligge nesten heilt stille, for då eg vakna, låg framleis dynebrettene over tærne mine.

Kanskje eit tips til andre som ikkje får sove?

søndag, oktober 03, 2010

Gratulerer Tyskland! Gratulerer Europa!


I dag er det 20 år sidan Tyskland formelt blei gjenforent. Eg har brukt deler av dagen på å feire med å sjå ein fantastisk dokumentar om forsnakkelsen som førte til at Muren fall. Den ligg ute på NRK sine heimesider bare nokre dager til, så alle bør gripe høvet til å sjå den.

Eg hugser ennå TV-bileta frå november 1989. Sat klistra til skjermen og skjønte at her foregjekk det noko stort, noko som kom til å forandre verda. Nett kva det var og på kva måte dette skulle endre Europa forstod eg ikkje (eg var jo bare seks!), men at dette skulle snu opp ned på verdensbiletet mitt, skjønte eg av mamma sin reaksjon. Ho sat i sofaen, og for ein gongs skuld klistra til skjermen. Nistirra på grensevaktene. Nistirra på dei som hoppa opp på Muren. Og så sa ropte ho, halvt forferda, halvt overlukkeleg "men dei skyt jo ikkje". Bileta var i opptak, og eg er ganske sikker på at den som leda Dagsrevysendinga hadde sagt at det gjekk fredeleg for seg, men reaksjonen hennar då ho skjønte at dette gjekk bra, har svidd seg fast.

Eg liker å tru at min interesse for politikk blei vekt denne novemberdagen. Sanninnga er nok at eg alltid har vore nysgjerrig på korleis verda heng saman, men det var denne dagen eg for alvor forstod at det som skjedde laaaaaangt borte hadde innverknad på mitt daglegliv. Og eg forstod at verda ikkje var svart-kvitt. For desse to, som i mi (jernteppe-) forståing var fiendar, var jo oppriktig glade for å sjå kvarandre. Folk lo, folk gråt av glede over å treffe att sine kjende.

Det hender eg merker at eg begynte å utvikle samfunnsforståing før Berlinmuren fall, før Tyskland blei gjenforent. I hovudet mitt hender det framleis at grensa mellom aust og vest samsvarer med grensa mellom demokrati og kommunisme før 1990. Med andre ord er Hellas ein del av Vest-Europa, medan Ungarn og Slovakia er så langt aust som du kan få det. Unnataket er, morosamt nok, nettopp Tyskland.

Heldigvis ser det virkelige Europa ikkje lenger slik ut. Dei nordiske landas næraste allierte er i dag dei tre baltiske landa - som altså var ein del av Sovjet for 21 år sidan. I Sentraleuropa har ein utvikla ei felles forståing for at det er nettopp sentraleuropearar ein er. Då eg for 5 år sidan var på mitt første kurs nokon sinne på europeisk nivå kom eg i stade for å seie til min gode venn tsjekkeren "you from eastern Europe..". Han svara med eit svært trassig blikk, henta kursets einaste sveitser, og kommanderte vedkommande til å bekrefte at Tsjekkia ikkje var austeuropa. Sveitseren såg på meg med ei svært oppgitt mine. "Come on, woman, that's like 20 years ago".

I det minste er den einaste måten å kvitte seg med sine vrangforestillinger å få dei opp i lyset.. :)