torsdag, oktober 30, 2014

Bok: Det største spillet

Den andre verdskrigen har utgjort ein ganske stor del av min identitet, fordi historier frå krigen var ein del av forteljingane mine besteforeldre fortalde når dei snakka om og frå sine liv. Mine bestefedre sine krigserfaringer passar inn i det norske "heltebiletet", og kanskje har det gjort at interessa mi for skjebnane under andre verdskrigen alltid har vore sterk. Våpna har eg ikkje interessert meg for, men korleis folk hadde det, har eg "alltid" brydd meg om. Grete Haagenruds Sofie og Kathrine-serie var favoritten min som barn, og sidan ungdomsskulen har Michelle Magorians God natt, Mr. Tom vore på lista over dei beste bøkene eg veit om. Maria Konow Lunds Biografien om Inger Guldbrandsen las eg i fillebiter. I seinare tid har eg lagt min elsk på Marianne Kaurins Nærmere høst. Felles for desse, er at den andre verdskrigen er rammen for historiene.

Både bestefar og pappa fortalde (og fortel) mykje om flekkefjærdingen Gunvald Tomstad. Tomstad var dobbeltagent under store delar av andre verdskrigen, og særleg historia om korleis han blei utestengt av alle rundt seg fordi han tilsynelatande var på nazistane si side, gjorde sterkt inntrykk på meg som barn. Tenk, ingen ville ha noko med han å gjere fordi dei trudde han var slem - og så var han eigentleg snill! I mitt lille sinn var det ei bør så tung at eg ikkje kunne forstå at nokon kunne overleve å bere ho.

Forholda i Lister er ikkje større enn at bestefar kjende Tomstad, og at ein av Tomstads næraste i motstandsrørsla, Tor Hugo van der Hagen, var ein framtredande mann bygda familien min kjem ifrå. Fram til for få år sidan, trudde eg til og med eg hadde møtt Tomstad, og at historiane eg hadde høyrt om han til dels kom frå han sjølv, for så levande var historiane for meg. Då eg snubla over ein leksikonartikkel spm kunne fortelja meg at Tomstad døydde 13 år før eg kom til, hadde eg store problem med å fordøya det.

Pappa har snakka mykje om Per Hanssons bok om livet til Gunvald Tomstad, Det største spillet, men av grunnar eg eigentleg ikkje kan forklara, har eg eg ikkje lese boka før no i haust. Etter å ha lese ho, innser eg at mange av dei historiene eg har høyrt om Gunvald Tomstad (med eit unnatak, og det kjem eg til) er gjenforteljingar frå denne boka, og ikkje primært historier Tomstad har fortald direkte til mi slekt, slik eg har innbilt meg.

Gunvald Tomstad, frå garden Helle utanfor Flekkefjord, var typograf av yrkesutdanning og særs teknisk interessert. Han bygde seg ein radiosendar, og denne blei av ymse grunnar ikkje blei registert då tyskarane starta innsamlinga av sendarar. Han brukte denne til å senda meldingar til London, og heldt gjennom store delar av krigen etterretninga og andre delar av det allierte apparatet oppdatert på kva som skjedde i det okkuperte Noreg. Saman med den lokale motstandsrørsla i Flekkefjord utviklar han frå 1941 av eit "meldingsleveringssystem" som er så effektivt at sendaren på eit tidspunkt er den viktigaste kjelda til informasjon den norske militære leiinga i eksil har for sør-Noreg. 

Men tyskarane har fått ferten i at sendaren finst, og for å klara å verna den - og seg sjølv, innser den lokale motstandsrørsla at dei treng ein person på innsida som kan verna sendaren - og organisasjonen. Nokre av dei aktive motstandsmennene har markert standpunktet sitt såpass tydeleg at dei ikkje vil kunne vere truverdige. Andre har ikkje psjuke til å klara det. Byrden fell difor på Tomstad, først og framst fordi han er mentalt sterk. Utan trening skal han gå inn i det største spelet som finst i ein krig - å gøyma seg bak fiendens linjer, utan at dei oppdager det.

For å gjera historia truverdig, må venene utetter kutta alle bånd til Tomstad. I den augneblinken han går inn på den lokale NS-leiaren sitt kontor må han bli persona non grata også blant sine aller næraste. Han blir utestengt frå det gode selskap, og han må opna døra til det selskapet han liker minst. Han kan ikkje ein gong fortelja det til mor si, og ho tek nyhenda om sonen si overgang til fienden svært tungt. Men enda så mykje han vil, kan han ikkje fortelja ho korleis det eigentleg er, fordi han veit at det vil bety at tilveret blir farleg for ho.  

Han blir fort leiar for Hirden, og fordi han er ein tillitsfull mann, får han tilgang til mykje informasjon frå tyskarane sine kontor. Snart blir Helle ein samlingsstad for tyskarane. Og mens tyskarane held støyande festar i stova hans, fortset Tomstad å senda meldingar. Sjølv med ein tyskar buande i huset, fortset sendeaktiviteten. Mens alt dette pågår har Tomstad måtte isolera seg sjølv og arbeida med folk han nærer eit hat for. Det er ikkje fritt for at paranoiaen rir under overflata hans.

Per Hansson fekk kritikk for den halvdokumentariske sjangeren han har vald. Dette er ingen biografi, for her er ingen kjelder, og heller ikkje kritisk blikk mot han som blir skildra. Dette er ingen roman, for alle hendingar og personar har eksistert, og hovudpersonen sjølv har til og med gått god for at boka er korrekt. Hansson har ein så tydeleg bodskap at alle andre enn Tomstad sjølv blir karikaturar. Tyskarane er onde, og nordmennene er ikkje berre gode, dei er superheltar. Det øydelegg til ei viss grad forteljinga, fordi det gjer ho mindre truverdig. Men samstundes - fordi synsvinkelen heile vegen følger Tomstad, fungerer det likevel.

Då eg var kome halvvegs i boka, gjekk det opp for meg at kalenderen i historia viste 1942. Det var altså 3 år igjen av krigen. Eg kjende det som eit sug i magen, og som ei sorg. For allereie hadde Tomstad gått gjennom pinsler eg ikkje unner min verste fiende. Og verre skal det bli, for året etter blir han avslørt. Gestapo finn i 1943 ut at han må vera personen bak kodenamnet "Tom", og hirduniforma er ikkje lenger eit fungerande vern. Han blir smugla ut av landet i siste liten, og kjem etterkvart til London for å få den militære øvinga han strengt tatt hadde bruk for før han gjekk inn i fiendens rekker. Då er han allereie så hardt merka av dobbeltspelet at han ikkje kan klara å bli seg sjølv att.

Hansson fortel i etterordet på boka at då Tomstad døydde, var nervene hans så tynnslitte at døden ikkje kom som ei overrasking, sjølv om han var relativt ung. For krigen sette sine spor i han, og han blei aldri den han hadde vore.  Pappa har fortald (og det har han garantert blitt fortald) at då dei i 1967 filmatiserte boka, var Tomstad sjølv hyrt inn som konsulent. Han kom for å overvåke det heile, men kom ikkje heilt fram til der filmen blei spelt inn. På vegen trefte dei nemleg skodespelarar i tyske uniformar. Bilen måtte snu, for Tomstad klarte ikkje vera med. Angsten og redsla slo han heilt ut.

Trass det einsidige heltedyrkingsperspektivet til Hansson, er boka både god og viktig. Det største spillet er eit spanande og skremmande portrett over ein mann som heile resten av livet måtte betale for offeret  han gav i kampen for vår fridom: seg sjølv. 

Eg håper forøvrig eg ein dag kan få lesa biografien til Esther Synnøve Øysteinland, som var hushjelpa som Milorg plasserte på Helle. Ho spelte dum og naiv, og spelte rollen sin så godt at ikkje ein gong den tyskaren som ein periode budde på Helle hadde ho mistenkt for å vita noko. Ho klarte også å halda på rollen under avhøyr på Arkivet i Kristiansand, og medan ho sat fengsla på Grini. Særs fascinerande kvinne, og ho fortener virkeleg å bli løfta fram på eiga hand.

Ingen kommentarer: