torsdag, april 16, 2015

Bok: Fugletribunalet

Ei av bøkene som har hatt fast plass på skal-lesa-snart-lista mi lenge, er Agnes Ravatns Fugletribunalet. Eg kjøpte boka rett etter at ho kom ut, men eg klarte liksom aldri heilt å tuste meg til å lesa ho då. Eg skulle berre visst kva for ei perle eg hadde gått glipp av!

Allis Hagtorn er på flukt frå livet sitt. Etter ei offentleg skandale har ho behov for å flykte frå tilværet som programleiar i kringkastinga. Ei avisannonse bringer ho ut frå tilflukten på jenterommet og til ein avsidesliggande gard ved fjorden. Sigurd Bagge har søkt etter nokon som kan passe hagen medan kona hans er på reise, og som samstundes kan servera han tre måltid dagleg. Med ein tvlaus arbeidsgjevar er ho rimeleg trygg på at han ikkje veit kven ho er. Bagge er nedtynga av ei sorg Allis ikkje heilt kan forstå, og medan ho luker bed og pleier rosebuskar prøver ho å pusle saman dei brikkene ho har fått utdelt for å forstå kven denne rare, mutte mannen er. 

Etterkvart som Allis får si eiga historie på avstand (eventuelt passe fortrengt, om du vil), veks fascinasjonen for Bagge. Han er nokre dagar heilt fråverande, andre dagar sterkt nærverande. Han veksler mellom livsglede, likesæle og svartsinn. Jo vanskelegare å lesa han er, jo meir tankeverksemd bruker Allis på å finna ut kven han er.

Skildringane av Allis si gryande forelsking i Bagge er spekka med eit språk som gnistrer. Det er nesten umogleg å ikkje bli litt småforelska i Bagge, og tungsinnet hans, dei svarte sidene hans, kjem like brått på lesaren som på Allis.

Allis skildrer den skandalen som gjorde at ho flykta, brotstykke for brotstykke. I desse #jegharopplevd-tider tek eg meg sjølv i å lura på kva konsekvensene av skandala blei for han Allis berre kallar K. Eg har ei kjensle av at skammen har blitt Allis' lodd å bera aleine. Det krev to for å dansa tango, men skildringane av Allis' skamfylde tilbakeblikk får meg til å undrast over om dette er atter ein av desse sakene der dama er hora og mannen for eit skulderklapp for å oppført seg som menn med makt skal gjere.

Allis bryt etterkvart gjennom skalet til Bagge, og finn ut av kven han er. Men sjølv om kjøkkenhagen blømer godt i nybygde blomekasser, skin det gjennom at mystisken aldri heilt forsvinn. Bagge fortset å hoppa mellom nær tilstadesversle og brått svartsinn. Veit Allis eigentleg kven han er? 

Fugletribunalet er ei slik bok som stadig tek nye, uventa retninger. Sjølv når det ikkje skjer noko i handlinga, meister Agnes Ravatn å halda merksemda. Pennen er særeigen, stilsikker vakkert, så vakkert. Denne lille perla av ei bok var umogleg å legge frå seg. Så umogleg at eg måtte halda fast i ho litt då siste side var utlese!

Ingen kommentarer: