fredag, oktober 09, 2015

Bok: Sommerfuglene i Armero

For nokre veker sidan var eg på Ascehoug sitt bokmøte i Stavanger. Ein av forfattarane som fekk presentere seg og sitt bidrag til bokhausten, var tidlegare VG-journalist Jon Magnus. Den nå pensjonerte utanriksreportaren fortalde levande om stadene han ein gong hadde vore på i embeds medfør, og no vendt attende til. Desse fortellingene har han no samla i boka Sommerfuglene i Armero. Eg kunne høyrd han fortelle i timesvis, men eg hadde ingen plan om å lesa boka hans. Fortellingene han fortalde var spanande, bevares, men leselista mi var ganske omfattande allereie, og eg hadde så mykje eg heller hadde tenkt å bruke tida på. 

Historiene han fortalde frå scenen i Stavanger fortsette å gå på repeat i bakhovudet mitt. Dessutan er eg ikkje så veldig god på dette med å halda meg til planar. For nokre dagar sidan skulle eg berre flytte boka frå skrivebordet til bokhylla. Det fekk eg ikkje heilt til. Før eg heilt visste ordet av det, sat eg med nasa langt nedi boka hans. Fengsla. 

Boka har undertittelen "Fortellinger fra et liv på reise". Sånn i teorien handler dette ikkje så mykje om livet på reise. Sånn i teorien, altså. Utgangspunktet for boka er dei historiene han aldri heilt blei ferdig med. Dei stadene han måtte tilbake til. Dei historiene han måtte finne ut av korleis hadde utvikla seg. Men for å kunne vende tilbake, må han også vende tilbake til utgangspunktet. Difor smelter fortid og notid saman, og blir gjerne krydra med tankesprang som i utgangspunktet ikkje har noko som helst med den historia han skal fortelle å gjere, men som på ein måte har det likevel, fordi dei er ein del av det livet han har levd, der som bladfyk på reisefot. Magnus' komplette mangel på evne til å halde seg til tråden i historia gjer at fortellingene blir krydra med liv. Ispedd litt latinamerikansk magisk realisme, og du har sånn cirka eit inntrykk av korleis dette er ført i pennen. Det er faktisk minst like spanande å lesa han fortelje som det er å høyra han fortelje (og det er teoretisk sett umogleg). Formatet hadde gjort det skikkeleg dårleg som reportasjer i avisen, eller i avismagasinet, for den del, men det fungerer særs godt mellom to permer.

Magnus tek oss med til Spania under Franco, der ein norsk sjømann blir drepen av Guardia Civil, og ein heil landsby kjenner skamma over drapet så sterkt at dei i femti år steller grava til ein mann dei ikkje kjende, i von om at det kan medføre at dei kan bli tilgitt. Det er fortellinga om Evert Taubes Carmencita og hennar familie, om Knut Hamsuns Victoria, datra som ende sine dagar på eit galehus i Frankrike. Det er fortellingar frå Balkan under krigen og pianospel med Imelda Marco. Jordskjelv, tsunami, vulkanutbrot. Tittelfortellinga er frå Armero i Colombia, der smeltevatn frå isbreen tok livet av 20.000 menneske i eit gjørmebad etter eit vulkanutbrot i 1985. I dag er byen befolka av sommarfuglar. Forklaringa han høyrer på kvifor, er tåredryppande.

Nokre av historiene virker så hen i alle staur og vegger at det er fristande å sette dei på konto for sannferdig skrøning. Andre er så forferdeleg realistiske. Alt i alt er dette ei særdeles god og spanande bok - det er ikkje utenkeleg at denne boka hamnar under eit juletre eller to, sirleg innpakka av underteikna. Særleg slike som aldri les romanar, men får god litteratur under treet likevel, kan få ei keisam jul om dei har lese denne bloggposten først...

Ingen kommentarer: