Om meg

Eg heiter Signhild og er 83-modell. Eg er fødd nord for moralsirkelen og oppvokst i bibelbeltet. Sånt blir ein passe motsetnadsfylt av.

Eg er lærar, til tross for at det var det eg aldri skulle bli. Har skrive master om norsk-albanske muslimar, og utvikla då ein passe sær interesse for nasjonalheltar og det som bind ein saman som nasjon. Og så er eg oppriktig oppteken av krig og fred og religion og politikk og sånn. Eg brenn for sosial og politisk utjamning, både lokalt og globalt, og for å sikre at vegen frå dei som røyster til dei som vedtek er kortast mogleg.

Eg har brukt mange sommarferiar på å springe rundt med "historieforteller / story teller /ertzähler" rundt halsen, og eit sterkt påbud om ikkje å ta opp arven etter Mathias Skeibrok (den delen av arven som går på å fortelle sannferdige skrøner). Akkurat den merkelappen set jaggu sine spor på bloggen også. Ikkje har eg lært kunsten å fatte meg i kortheit, heller.

Denne bloggen kan i beste fall kategoriserast som "lett blanding" - av og til er eg personleg, av og til svært politisk. Og ganske ofte noko midt imellom.

Det hender at eg les gode bøker. Det hender at eg tenker at dei gode bøkene eg les er bøker også andre må lese. Difor hender det eg får eit visst behov for å blogge om dei. (Det hender til og med at eg får bøker i posten for at eg skal skrive om dei - då får du melding om det i omtalen!). Men eg gidd ikkje bruke tid på å melde bøker eg ikkje liker. Så du kan vere sikker på at om eg skriv om ei bok eg har lese, så er det ei bok eg meiner at også andre kan ha glede, eller i det minste nytte, av.

For tryggjings skuld: sjølv om eg har tillitsverv både her og der, talar eg berre for meg sjølv når eg skriv her. Skulle eg falle for freistinga å blogge inn ei fråsegn, lovar eg at det skal få komme godt fram.


Eventuelle elektroniske spor etter eventuelle lesarar, type i form av kommentarar, blir sjølvsagt sett pris på.